Del 2:

«Kampen om Trollvogga på Runde» – 60 år

- Jølstringane vert likevel meir enn stusse når eg fortel at eg kjem frå ei øy der me både har Storepissen og Lissjepissen: To mektige fossefall som kastar seg ut for den 150 meter høge brunakanten, like i fjøresteinane, skriv Harald Jarl Runde.

Søre Handfongenet og Måganeset: Jakob nemner i visa at Måganeset kunne «gå under i det ofslege freset» når «Vogga» for. Men Måganeset og Handfongenet står den dag i dag like trygge, begge to.   Foto: Foto frå 1970 i boka «Reise nach Runde» av Fritz Steiniger.

Kultur

«Manns minne» eller mangel av slikt

I oktober er det 60 år sidan Trollvogga på Runde vart sprengt. I ein tidlegare artikkel har eg kome inn på bakgrunnen for dette. Reaksjonane let ikkje vente på seg. Så eg må berre innrømme: «Manns minne!» kan vere kort.

Éin ting hugsa eg slett ikkje: Under sprenginga (truleg berre fyrste forsøket) var der sending i radioen. Det var Joachim Rønneberg frå NRK i Ålesund som møtte opp med fullt utstyr. For å få direkte sikt nord att i byen, måtte han kave seg opp på Søre Handfongenet. Dette er ingen stad for ein vanleg ettermiddagstur. Og slettes ikkje med ei god mannsbør av alt slags «Teknisk utstyr» på rygg, mage og begge hender.

Rønneberg fekk med seg nokre ungjenter og intervjua dei. Då var alt «eldstemann i laget» – Isak-Sigvald – komen på Handfongenet. Så også han måtte intervjuast. Mellom anna fekk han spørsmål om det fanst fleire slike farlege rasstader på Runde. Som den grunnkjende og ærlege mann Sigvald var, nemnde han såleis mellom anna både Lissjepissen og Storepissen. Kom akkurat det svaret på lufta? Det veit eg ikkje. Men meir om Pissane i eige avsnitt.

Paulus og Sigvald Runde.: Sigvald Runde var «Den eldste i laget» då ein skulle sjå på at Trollvogga skulle skytast vekk. Her i samtale med min eigen onkel Paulus – dr. Runde – . Sigvald har med kikkert, han hadde vore på fjellet for å sjå etter sauene.   Foto: Eigar av foto: Forfattaren.

Del 1:

Trollvogga og Laupsnipa, spådomar og litt til

I avisa 30. juni fann eg eit flott bilete av Trollvogga på Runde. Eller rettare sagt, restane av Trollvogga. Det er eit stort, meir eller mindre, lausthengande fjellstykke ved ein lang klove på sørvestsida av Runde. «Vogga» vart prøvd skoten vekk i 1960: Ikkje heilt vellykka, omlag ein tredjepart vart ståande att.


Visa om Trollvogga

Jakob Gundersen på Runde skreiv ei vise om hendinga, og Jakob ordla seg knakande godt. Visa, på heile 16 vers, vart for fleire år sidan prenta i Vestlandsnytt.

Eg var sjølv tilstades i Søre Handfongenskaret der dei fleste tilskodarane samla seg. Dvs det var to «Minneverdige hendingar». Fyrste sprenginga gjekk skeis og det er om denne Jakob skriv.

Eg tek meg den fridomen – 60 år etter – å kome med nokre kommentarar.

«Vaktbåt for og rende langs land», skriv Jakob. Var det losskøyta skal tru?

To personar er nemnde på namn: Tonna og Astri. Det var Jakob si eiga syster Tonna og Astri i Jakes-Pål-garden, Runde.

At «Fuglen i Branden fauk ende til vers» og «stemde mot Stadt» er vel helst med for å syne dramatikken. På denne tid av året er det knapt nok ei fjør å sjå i fuglefjellet.

I eit anna vers er det spørsmål om Er her fleire slik hamrar, som i havet kan styrte? Det stemmer, om ikkje akkurat slik Jakob legg det ut. Men Isak-Sigvald nemnde både Storepissi og Lissjepissi. Akkurat det vekte latter og kommentarar.

Så Pissane bør omtalast nærmare, der er to – Store- og Lissje- .

Pissaren på Jølst. Fenomenet Storepissen og Lissjepissen på Runde

På Jølst er ein av dei største naturattraksjonane i Sunnfjord: Pissaren, der skviren står ende til vers! På sitt vis imponerande, noko jølstringane likar å skryte av. Men om eg ikkje hugsar feil: For nokre år sidan måtte der naudhjelp til. Vassfløde og isgang hadde tetta til elvelaupet med stein og grus. Fleire mann – og nokre kvinnfolk er det meg fortalt – med spett, hakke og grapse heldt på i mange dagar for å få alt på stell, for å seie det slik.

Jølstringane vert likevel meir enn stusse når eg fortel at eg kjem frå ei øy der me både har Storepissen og Lissjepissen: To mektige fossefall som kastar seg ut for den 150 meter høge brunakanten, like i fjøresteinane!

Pissaren på Jølst: Pissaren i Søgnesandsdalen i Jølster er ein av største turistattraksjonane i Sunnfjord. Noko jølstringane likar å skryte av. Men smeltevatnet frå den mektige Grovebreen er av ypparste kvalitet, det skal dei ha! Vatnet har eg gjort meg utyrst av i ei anna breelv. Den vesle skviren er likevel ingenting for dei som har sett den 150 meter høge Storepissen på Runde i all sin velde.  Foto: sognefjord.no

Storepissen renn ut frå Tripvatnet og den mindre frå Samvotna, ikkje langt frå Troll-

vogga. Som dei andre fjellvatna på Runde, unnateke kanskje Lissjevatnet, er dette «oppkomevatn» med lite og inkje tilsig. Austfjellvatnet, Holmevatnet og Tripvatnet held alltid same vasshøga. Samvotna er tre vatn som heng saman. Dei er grunne og minkar fort ned ved tørke, sjølv om dei aldri er heilt tome. Store- og Lissjevatnet har ei elv som renn gjennom, så her varierer det meir. Men er der ei 2 – 3 veker med regn og væte, veks Tripvatnet og Samvotna opp. Og sameleis Pissane, om ikkje akkurat i to samanhengande fossar.

Dette er eit fenomen som går dei fleste båtfolk, turistar og turistguidar hus forbi. Men Storepissen – på sitt beste og i motvind – er synet verdt både for kar og kvende.

Resten av innhaldet i visa talar for seg sjølv.


Kampen om Trollvogga (Av Jakob Gundersen)

Det gjekk rykte i bygda at Trollvogga var farleg

og folk måtte gå både stilt og varleg.

For ikkje å riste kolossen laus,

når dei gjekk på fjellet langs den digre knaus.


Lensmann vart varsla og fagfolk kom.

Og alle som ein vart dei einige om

at ho mått sprengast, - ja ganske snart,

for ramla ho av seg sjølv, kunne ho knuse eit kvart.


Kommunens folk, med skytebas, møtte.

Masser av sprengstoff i sprekka dei støytte.

At ho skulle vekk, det var sikkert som lås.

No skulle ho få seg ein annan bås.


Sauer som beitte mellom Enkjegjel og Stakken,

vart jaga opp den bratte bakken,

lengst mogeleg bort frå den store faren,

til sikkert skjul nord for Lissjevaren.


Men når dyret vart skote og deiste i sjøen,

ville bårene rulle inn over Kvalsvikbøen,

og ta med seg alt, både fast og laust,

innbu og utedo og alle naust.


Bodskap vart sendt til dei nærmaste øyar:

Ta med dykk alt, også storfe og søyer,

og røm til fjells, så høgt de kan,

for sjøen vil sikkert gå langt opp på land.

Vaktbåt for og rende langs land.

Han jaga heim kvar einaste mann

som i båt seg våga utom Måganeset:

Det kunne gå under i det ofslege freset.


Ja, dagen kom då trollet skulle vekk,

og mange seg samla, i andakt og skrekk.

På sikker avstand der sør på gløsen

for alle ville sjå på den veldige frøsen.


Med vi sat og venta, var der nokon som spurte:

«Er her fleire slike hamrar, som i havet kan styrte»?

Og ein av dei eldre, ja, den eldste i laget,

visst namn på to til av same slaget.


«Det er no både Storepissi og Lissjepissi,

som heng lause i fjellet og dillja.

Det trengs no ikkje no ikkje so stor ein drissi

før heile heilt ned i fjøra dei trillja.»


Tonna og Astrid, dei konene to

sør i Skaret slo seg ned, men kom aldri til ro.

Dei leitte etter tryggaste skjulet på staden

for steinsprut og lufttrykk frå den store bravaden.


Dei sprang og leitte frå stein til stein.

Den eine var for liten, den andre syntes laus.

Lufttrykket kunne velte den over armar og bein,

når salva gjekk av og Trollvogga naus.

Men best som dei for slik og leitte og snuste,

høyrdest ein smell, so i øyro det bruste.

Dei hoppa så høgt i frå marka, dei to.

Dei hadde ikkje enno kome seg til ro.


Fuglen i Branden fauk ende til vers,

den hadde ikkje nervar for slik ein kommers.

Med skrik og skrål den stemde mot Stadt,

og tenkte no minst på å kome att.


Alle som høyrde den sterke smell

og kjende skjelvinga i mark og i fjell,

var sikker på at Trollvogga var ferdig

og låg i ned i fjøra, så roleg og verdig.


Men når røyken kvarv bort og folk kom til ro,

såg alle som ein at Trollvogga sto

like støtt som før, - ja i tusener av år.

Ho hadde ikkje fått eit einaste sår.




Kjelder:

- Eigne og andre sine minne.

- Vestlandsnytt: 12. febr. og 2. mars 1993.