Lokalhistorie:

Erik Svendsen (1887-1936) i Fosnavåg og Kjeldsund

I Vestlandsnytt 05.06.2020 skreiv eg om ørstingen Enok Svendsen (1841-1907), som kom til Kjeldsund i 1868. No er mitt fokus på sonen hans; Erik Svendsen (1887-1936).

Fos­na­våg for kring 131 år sidan: Fram­me f.v. : Ukjent hus, lo­sji­hu­set «Ban­ken» og Enok si sjøbud med til­bygg (=lo­sji­hu­set «Svala»?). T.h. litt av Folkestadbygda si fjordmannsstove. Ukjen­de hus i bak­grun­nen. I «Byg­de­so­ga 2», side 86, er trykt eit kart frå 1892. Eg har opp­da­ga flei­re bygg som ik­kje er mer­ka på det hamne­kar­tet. Ting­lys­te pa­pir vi­ser at Enok sin bror, Ole S. Svendsen, had­de fes­te­rett på eit om­rå­de her, i til­legg til bnr. 5, inne i Vå­gen. Vart dei ukjen­de husa bygde i full fart av Ole el­ler andre, for å gi over­nat­ting for dei man­ge fis­ka­ra­ne som søkte til fis­ke­væ­ret i gode fiske­år?. Tak­ka vere m.a. båt­fø­rar An­dre­as Kjell Lei­ne, har eg fått tatt bil­de og sjek­ka ret­nin­ga frå Svendsen sin sjøbud, frå Vå­gen - mot fjel­la i bak­grun­nen. Du bør sa­man­lik­ne hus­plas­se­rin­ga mot bil­det frå 1905, i ar­tik­ke­len om Enok. Det­te er det eld­ste bil­det eg har opp­da­ga frå Fos­na­våg. Tru­leg frå 1889. Bil­de­be­hand­lar: Rune Paul­sen. Ut­lån: Norman Reppenhagen (frå Svendsenfamilien). Ukjend fo­to­graf.  Foto: Bildebehandlar: Rune Paulsen. Utlån: Norman Reppenhagen (frå Sv

Kultur

Tidleg ansvar

Frå 1906 dreiv dottera, Georga (f. 1885), handelen i Kjeldsund. 24. april i 1907 leverte sonen, Erik, 15-20 tonn klippfisk i Ålesund. Dette var første klippfisklasten som vart levert i byen det året!