Herøy Kajakklubb pryder framsida til Skandinavias største padlemagasin

Torsdag denne veka får Herøy Kajakklubb æra av å pryde framsida av «Padling», det største magasinet for hobbypadlarar i Skandinavia. Naturleg nok er dette noko den lokale klubben ser som stas.

Padlemagasin: Her ser vi framsida av siste utgåve av Padling som kjem ut denne veka. Padling vert gitt ut av Media Digital AS – med Edmund Mongstad som redaktør – og er det største interessemagasinet for hobbypadling i Skandinavia. Årleg kjem det ut 6 nummer av bladet. Nr 2/2020 av Padling er planlagt å kome i postkassene til abonnentane og i sal i bladhyllene torsdag 2. april.   Foto: Framsidefoto: Gunnar Wiik

I tillegg til det varme miljøet og godviljen ein ser blant medlemmane, bur det også sterk kompetanse i klubben.

Gunnar Wiik
Kultur

– For oss er dette fin reklame. Herøy Kajakklubb har etter kvart vakse seg til å bli den største kajakklubben mellom Bergen og Trondheim, og såleis er det kjekt at vi vert lagt merke til for denne veksten.