Asker-kunstnar Pippip Ferner har laga utstilling på Runde Miljøsenter:

– Ein stille provokasjon gjennom morbid estetikk

Kunstnar Pippip Ferner er over gjennomsnittet oppteken av naturvern og plastforsøpling. Så viktig er det for Pippip at ho no har laga ei eiga utstilling ut frå marin forsøpling, der mykje av det sporar seg tilbake til fiskeri- og havbruksnæringa.

Pippip Ferner: Kunstnar Pippip Ferner, busett i Asker, har no installert i siste kunstutstilling på Runde Miljøsenter. Her ser vi ho i ein heimelaga plast-kjole. Arkivfoto: Privat 

Kultur

– Det eg stiller ut er laga av ting eg funne i fjøra og elles i naturen som ikkje høyrer heime der. I dette tilfellet har utstillinga for det meste innslag og kreasjonar framstilt av avfall som kjem frå fiskeri- og havbruksnæringa.