Blir det sommarfest i Fosnavåg i år? Sjølvsagt, svarar festivalstyret:

Lovar sommarliv i sentrum

For dei av dykk som lurer på om den tradisjonsrike sommarfesten i Fosnavåg vert arrangert i år kan no festivalgjengen fjerne all tvil. Festival blir det, og den blir bra, opplyser styret.

Festivalstyret: Desse fire utgjer festivalstyret for Sommarfesten i Fosnavåg 2020. I år går det tradisjonsrike arrangementet av stabelen 17. til 21. juni. Foreløpig er dei nok så løyndomsfulle kring programmet og planane, men ein ting lovar dei, sommarstemning skal det bli. F.v. (bak) Karoline Velsvik Sivertsen og Maria Sporstøl Leine. (Framme) Mathias Dybvik og Kristian Remøy-Bakke. 

Kultur

– 17–21. juni fargar vi Fosnavåg i gul og rosa og inviterer til byliv og skikkeleg sommarstemning.