– Sjølv i verdas mest likestilte land er det framleis eit stykke arbeid igjen som må gjerast før vi har full likestilling mellom kjønna.
Det seier Torill Myren i den frittståande komiteen bak arrangementet i Fosnavåg. I den sit også Linn Therese Sævik og Eileen Gjerde.
– I fjor sprengde kvinnedagsarrangementet kapasiteten til Madelynn, og vi har difor flytta det over i større lokale. På den internasjonale kvinnedagen i år vert det difor invitert til samling i Fosnavåg konserthus, held Myren fram.
Først mat og prat
Før sjølve programmet, stiller Thon Hotel Fosnavåg med sal av lunsjrettar, kake og kaffi, som gjestane kan nyte ved småborda inne i konserthuset før programmet byrjar. Inngang til arrangementet er gratis.
Deltakarane
Kveldens hovudgjest er Solveig Kopperstad Braseth. Ho vaks opp på ytste Kopperstadlande, men er no busett i Trondheim.
Solveig Kopperstad Braseth: Den tidlegare nestleiaren i Norsk Sykepleierforbund er sofagjest og vert intervjua av Torill Myren. Foto: Presse
– Ho har sete i Trondheim bystyre, vore første vara på Stortinget og første nestleiar i Norsk Sykepleierforbund, informerer Myren, som skal intervjue gjesten i ein sofa på scena.
Mellom deltakarane er også Emma Moltu Sundgot, som vann Vestlandsnytt si skrivekonkurranse for unge. Ho blir med på arrangementet og les vinnarteksta si, «Jeg er en buss».
Elise Nærø og Una Myren tek del med song, og den nye bibliotekaren i Herøy, Anne Grete Bjorvatn, kjem med boktips som passar for dagen. I tillegg vert det kvinnequiz.
Elise Nærø skal syngje på kvinnedagsarrangementet i konserthuset 8. mars. Foto: Presse
Una og Emma: Una Myren skal syngje, og Emma Moltu Sundgot skal lese teksta ho vann Vestlandsnytt sin skrivekonkurranse med. Foto: Privat
– Og så skal vi få møte ein segnomspunnen kvinnefigur som programleiar. Ho meiner det er viktigare å vere feminin enn feminist, og komplett antrekk med nettingstrømper er klart til dagen!