No er filmen om Bygderadio Vest, Radiokameratane, kino-klar:

- Eg har blitt så fascinert over denne gjengen

I over to år har det Larsnes-baserte filmselskapet Herlig Film & TV gått i hælane på gjengen bak Bygderadio Vest. 22. mars har dokumentarfilmen si premiere, og dei lokale radiokjenningane både gleder og kvir seg til å sjå seg sjølv på kinolerretet.
Kultur

– Dette er ein varm og humoristisk feelgood-dokumentar som skildrar livet til gjengen bak lokalradioen som nekta å gi seg på FM sjølv om resten av radio-Norge gjekk over på DAB.