Høgtidsam og flott konsertoppleving med Ørstakoret

Vakkert i Gursken kyrkje: – Ein enorm presisjon

Ein sjeldan vakker konsert fann stad i Gursken kyrkje laurdag kveld, då Ørstakoret – med hjelp av eit svært dyktig orkester – framførte oratoriet «Messias» av Georg Friedrich Händel.

I Gur­sken kyr­kje: Song­so­lis­ta­ne Magn­hild Kor­svik, Rolf Sostmann, Ast­rid Sand­vand Dahlen og Øy­stein Skre – med di­ri­gent Ke­til Grøt­ting i mid­ten – var med på å gje­re det­te til ei høg­tid­sam og flott kon­sert­opp­le­ving. 

Dette var rett og slett ei vakker gåve til oss, no i førjulstida.

Atle Hopland
Kultur

Verket er av dei aller mest kjende i musikkhistoria. No skulle det framførast i Gursken kyrkje; i det store jubileumsåret. Også Ørstakoret jubilerer; nokre songglade ørstingar starta det for 80 år sidan, den gongen, i 1939, under namnet Ørsta ungdomskor.