Bok & Beat fanga merksemda til publikum

Kombinasjonen av forfattarar med spennande historier, flott song frå Torunn Sævik, og ein dyktig programleiar i Torill Myren gjorde fredagens Bok & Beat på Fosnavåg konserthus til ei flott oppleving for dei frammøtte.

CHRISTIAN WIIK GJERDE: I snart to år har Christian Wiik Gjerde feira jul. Men det går greitt, for tjørvågaren elskar jul.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Kultur

Det er mange parhestar som er uslåelege saman. Som Leif Olav Alnes og Karsten Warholm. Slik er det også med bøker og musikk, sa Torill Myren då ho opna årets utgåve av Bok & Beat. Og ho fekk så rett.