Julemesse på Leikanger kyrkjelydshus

Leikanger kyrkjelydshus tek opp att tradisjonen med julemesse som i år vert halde 2. og 3. november.

Illustrasjonsfoto  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Dette vert ei messe fokusert på mat, kunst, handverk og litt meir.

21 utstillarar vert presentert over to etasjar og det vert kafé i begge etasjane.

Sal av både varm mat og heimelaga kaker.

I år har styret lagt arbeid i andre etasje på huset for å kunne gjere dette til ein arena for utleige til små selskap, møter, utstillingar av ymse slag og kontor etter kvart

Allereie tredje helga i november vert det avhalde spennande arrangement i andre etasje, som planar om vernissasje og vidare kunstutstilling.

Styret ynskjer alle velkomne til ei triveleg stund på huset!