Stilreint frå Adrian Helde Remøy

20 år gamle Adrian Helde Remøy, saman med eit band av eminente, lokale musikarar, inviterte laurdag til konsert på Fosnavåg konserthus.

Morsmålet: Adrian song for det meste på si eiga dialekt, eit verkemiddel som gjorde konsertopplevinga ekstra nær.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

Remøy verkar å ha funne sin musikalske stil, noko han også hadde reindyrka visuelt på scena. Ho var nemleg pynta som ei gamal stove, med sofa, teppe, kaffiservise og måleri av Hans Lennart Sævik. Bileta fungerte elles som eit fint bakteppe for Adrian sine fleire sjølvskrivne låtar, musikk som publikum såg ut til å like.

Han song fint om både heimstaden og lokalhistorie, som i låten «Akerendam». Denne hausta trampeklapp frå publikum. Alvor blei det også ettersom Adrian turte å ta opp tyngre historier, som den tragiske færing-ulukka på Remøya i 1953 i den sjølvskrivne låten «Ælde». Alt i alt, ein sterk prestasjon frå ein lokalmusikar vi kjem til å høyre meir av.