Syftesok i Hallebygda på søndag

Syftesok-tradisjonen står sterkt i Hallebygda, og til helga vert dagen feira nok ein gong.

Syftesok Hallebygda: Her er eit glimt frå ei tidlegare syftesok-feiring i bygda ved Larsnes. Arkivfoto  Foto: Arrangør

Kultur

Hallebygda har lange tradisjonar med feiring av syftesok, ein gammal norsk merkedag som vanlegvis vert feira 2. juli. Det er eigentleg ein katolsk festdag til minne om den heilage Svithun av Winchester.

– Vi inviterer folk frå fjern og nær til å feire saman med oss på Halletun. Her har vi elles nyleg lagt nytt tak og nygrusa plassen, så vi er klare, seier Dagfinn Nerland i arrangementskomiteen.

Det er Halletun, småbåtlaget og Hallelia grendelag som samarbeider om tilstellinga. Her vert det Elias-båt, grilling, kasseklatring, leik, moro, kaffi og kaker. Og det vert rømmegraut.