Blir ikkje Sommarshow på Larsnes

Morosame larsnesingar: Oskar Fjørtoft Sandanger og Herman Brune Leikanger.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Kultur

I år blir det dessverre ikkje Sommarshow på Larsnes, det melder hovudaktør og arrangør Oskar Fjørtoft Sandanger.

– Det er sjølvsagt litt rart at det ikkje blir Sommarshow på Larsnes i år. Vi har arrangert det i fire år no, og har eigentleg veldig lyst å få det til, men tida strekk ikkje til i år, seier Oskar som også nyttar høvet til å takke alle som involverer seg i sommarshowet.

– Vi håpar å få til eit nytt sommarshow til neste år igjen! Men kanskje då i ei anna form, legg han til.