Innsendt:

Konsert i høve 100-års- jubileet

Søndag 26. mai blir det konsert i Gursken kyrkje med Sigrid Tønnesen, Sindre Løvik og «JC-band».

JC Band 

Kultur

Sigrid Tønnesen si interesse for song og musikk starta allereie i barndomen. M.a. deltok ho frå 8 årsalderen og fram til 12 årsalderen på Skulekringkastinga sitt program «Lyd og låt». Ho var også med i skulekoret i Volda.

I ungdomstida byrja ho som korist i diverse lokale band og var m.a. med på «Maurtua-festivalen» og «Ungdommens kulturmønstring».

Tidleg på 1990-talet var ho vokalist i Ørstabandet «Vestvind», og ho har også sunge i damekoret «LYST».

Sindre Løvik har i over 25 år drive som pub-musikar og visesongar, åleine, og i lag med andre. Han har for det meste hatt irsk musikk på repertoaret, men dei siste 10 åra har han fått god kritikk for si tolking av Johnny Cash sine songar. Han har hatt konsertar og såkalla «Johnny Cash-gudstenester» fleire stader her på Sunnmøre.

Sigrid og Sindre har siste året opptredd på ulike arrangement, og også hatt konsertar saman.

I tillegg til songen skriv Sigrid dikt. Ho har si eiga Facebook-side der ho formidlar dikta sine, og ho les også nokre dikt på enkelte arrangement ho har saman med Sindre.

På konserten vil dei framføre songar av Johnny Cash, Kris Kristofferson o.a. amerikanske artistar.

Med seg denne kvelden har dei «JC-band» som består av Ove Aksnes og Magne Aksnes.

Desse karane trakterer gitar og bass og har lang musikalsk røynsle frå m.a. Dalsfjordgruppene «Countrycompagniet» og «Dalsfjord Bluegrassband». Dei har også i mange år vore med på Sindre sine ulike Johnny Cash-konsertar.