Musikarar er Lars Ørstavik fløyte, Sverre Nærø bass, Nasko trekkspel og dirgenten Robert Skeide på piano. Det vert spanande. Og det er ei kvinne som har stått for regisseringa. Vi om lag tjue vel vaksne mannssongarar har lystra hennar minske vink. Ho, Nina Bøe, er profesjonell i bransjen, så vi har ikkje tvilt på korleis vi som mannskap på skipet skal oppføre oss. Det vert ei spanande reise.

Som skipper valde ho ein med røynsle nettopp som det, nemleg Arne Sævik. Hans første oppgåve om bord er å gje ein av matrosane, Gunnar, ei drabeleg skrape for at han kom i siste liten, og ikkje var heilt edru heller.

Og kor går turen? Den tenkte og den musikalske? Etter at ein av karane gjorde eit kort besøk på kvileheimen, og som nemnd sette ein av mannskapet på plass, er det klart for å kome seg på skipet. Skipperen Arne kommanderar «alle mann på dekk!». Alle er spente på kor ferda går, og det var sterke gledeshyl når komande hamn vart Havanna på Cuba. Alle songarar her oppe i nord syng strofar av Evert Taube, og kjenner seg att. Sjølv om mange av mannskapet merker alderen, så er det tankar om andre gjeremål som dekksvask, rustbanking, måling og smørejobbar i maskinen som kjem fram aller nærast, i alle tilfelle i draumane.

I Havana lastar vi bananar, og om draumane har late seg realisere er vel meir tvilsamt. Karane får seg ein prat, og minnest litt av kvart, mellom anna nettopp flickan från denne byen. Så minnest mange av karane andre hamne dei har vitja opp gjennom åra. Ein kar kjem på ei taterjente som var så god.

Tida går, og i nokre av songane er innhaldet slik at mange får heimlengt. Tanken vert så sterk at ei tåre kjem fram. Så kapteinen kommanderer:» Slapp av gutta, no set vi kursen heim og tek kveldsbøna!» Og heile koret ropar: «Hiv ankeret opp!», og den musikalske ferda er over.