– Det er ingen tvil om at Sande kyrkje er eit historisk kulturbygg i ordets beste og vidaste forstand. Her finn vi kyrkjehistoriske element 600 år tilbake i tid. På denne staden har det vore kyrkje i tusen år, sa Ekroll til ei nær fullsett kyrkje palmesøndag.

– I denne kyrkja er det massevis av eineståande klenodium å snakke om. Eg får ikkje tid til alt, sa Ekroll innleiingsvis.

Tusen år attende

Han trekte linjene tusen år tilbake i tid, og slo fast at det på Kyrkjesande har vore kyrkjestad sidan kristninga av landet. Etter den tid vart det sett opp ei stavkyrkje på Sande, staden kommunen ber namnet sitt etter. Stavkyrkja, som var rikt utsmykka innvendig, vart riven i 1835, kanskje på grunn av at ho vart for lita, eller kansje var vedlikehaldet forsømt?

Kanskje var det også ein storstorm som førte til riving. Den nye langkyrkja som vart sett opp, vart i alle fall så stormskadd ved fleire høve, at ho måtte byggast opp att på nytt. «Nyekyrkja» stod ferdig i 1880, men;

– Ho vart hovudsakleg bygt av materiale frå gamlekyrkja. Men ho vart meir høgreist og solid, opplyste Ekroll.

Altertavle og messehakel

Han orienterte elles om den særmerkte, gamle altertavla der sjølve korpus-delen ei tid har vore i Oslo for restaurering. Lovnaden er at Riksantikvaren skal fullføre arbeidet i år.

– Dette er det einaste alterskåpet på Sunnmøre med motiv frå Juleevangeliet. Det er truleg laga i Brüssel på 1400-talet, opplyste historikaren.

Ekroll tok også føre seg den sjeldne messehakelen frå Sande kyrkje, som ei tid har vore oppbevart i banken på Larsnes.

– I utgangspunktet er dette ikkje ein messehakel, men ein tunika som truleg vart levert til presten i dåverande Herøy sokn, frå bispen og Nidarosdomen, etter reformasjonen. Messehakelen, med si utsmykking og sin gulltråd, vert av ekspertar i Nederland, omtala som heilt fantastisk. Både Bernst Støylen og seinare også Helge Nesse nytta denne ved enkelte høve, sa Ekroll.

Elles kunne han fortelje at krusifikset og den store bjelken med latinsk skrift over koret i sandskyrkja faktisk er 400 år i år. Og det store korset som no heng på på nordveggen, er 350 år i år. Det er berre litt av alt det historiske «snadderet» ein kan finne i sandskyrkja.

Publikum formeleg saug til seg all den all den interessante informasjonen. Det som i dette tilfellet vart ein halvtimes føredrag, kunne med truleg ha vore omgjort til ei form for temasamling. Kanskje burde ein ha fått til noko slikt, gjerne med rusling rundt til krikar og krokar av kyrkja? Det hadde vore noko.

Song, musikk og gode ord

Saman med historietimen vart det ei fin kulturell samling, med song, musikk og ord. Det var Anne-Marit Kvamme frå Kyrkjeringen som leia samkoma. Sandsøy hornmusikk var først ut, med ei vakker avdeling. Karina Beate Skare Longva tok plass ved flygelet og serverte ei like fin songstund, avslutta av den vakre Sandsøysongen.

Og så var Vanylvskoret Frendar for første gong på vitjing til Sande kyrkje. Under leiing av Brunhilde Engelhardt presenterte dyktige utøvarar flott, samklingande mannskorsong. Elles i samlinga var det også tid til allsong, og sokneprest Sigmund Bjerkvik hadde andakt. Også han er eit kjent og kjært innslag i Sande kyrkje, om enn ikkje «ein del av det faste inventaret», som han spøkefullt innleia med.

– Vi ville gjere «noko skikkeleg» denne gongen, sa Anne Marit Kvamme i byrjinga.

Den målsettinga vart innfridd.