Fleire norske kinoar har i mange år hatt eit tilbod om direkte opera frå dei store operabyane i verda, men dette blir første gong i Fosnavåg og første gong ein prøvar ut ein ny teknologi der overføringa blir strøyma direkte gjennom kinobransjen sitt eige nett, etter å ha blitt henta ned frå satellitt ein stad i Noreg.

Operaen som vert vist er La Forza del Destino, med stjernene Anna Netrebko og Jonas Kaufmann i hovudrollene. Den blir strøyma live frå Royal Opera House i Covent Garden til eit utval av norske kinoar.

Om Operaen

La Forza del Destino er eit av Verdis mest ambisiøse stykke og blei skrive for St. Petersburg der operaen hadde premiere i 1862.

Markien av Calatrava forbyr dottera Leonora å gifte seg med den søramerikanske heidersmannen Don Alvaro. Det unge paret forsøker å stikke av og gifte seg, men Markien tar dei på fersken. I kampens heite drep Alvaro Markien, som forbanner dottera på dødsleiet. Leonora og Alvaro kjem frå kvarandre under flukta, og Leonoras bror, Don Carlo do Vargas, sver å finne dei og hemne far sin. Don Carlo melder seg inn i det spanske militæret under eit falskt namn, uvitande om at Alvaro har gjort nøyaktig det same. Mennene blir gode vener under kampar i Italia, men venskapen surnar i det augneblinken Carlo oppdagar eit bilete av søstera blant venens eigedelar og han oppdagar kven denne “venen” eigentleg er. Carlos handlingar leier mennene tilbake til Spania til eit bortgøymt kloster der Leonora har levd åleine.

Operaen er teksta på engelsk og varar i nær fire timar.

– Vi vil lage til så ekte operastemning det let seg gjere med servering i pausane, akkurat som i London. Vel møtt til (nok) ei historisk hending i Fosnavåg, seier arrangementsansvarleg Bjørn Holum i ei pressemelding.