– Det er kjempespennande å endeleg kunne sette dette i hop. Fram til no har vi øvd kvar for oss, og det er kjekt å sjå kor flott dette blir.

Orda tilhøyrer Elise Nærø. Vi møter ho under ein øvingsseanse på Herøy kulturhus saman med Herøy janitsjar. Dei førebur seg på det som teiknar til å verte eit arrangement fylt med kjensler og mektige augneblink. Laurdag er det nemleg duka for ein stor prosjektkonsert på Fosnavåg konserthus, og gjengen er i ferd med å terpe dei siste detaljane på plass.

– Kvart år prøvar vi å gjennomføre ein stor konsert der vi er litt folkelege og spelar musikk som folk kjenner att. I år står filmmusikk på repertoaret. Vi skal framføre 16 forskjellige melodiar, alle frå kjende filmar som dei fleste har eit forhold til, forklarar leiaren for Herøy janitsjar, Rune Paulsen. Han blar i notearka sine for å vise oss nokre av songane. Dei varierer frå kjende barnefilmar som «Jungeboken», «Flåklypa», «Skjønnheten og udyret» og «Dragetreneren», til klassikarar som «The Mission», «Les Misèrables» og «Titanic».

– Her er noko for ein kvar smak, og vi vil også vise filmklipp for å bygge opp under stemninga, forklarar han.

Nærø, som skal synge på fleire av dei ikoniske låtane, legg til:

– Det er ikkje akkurat ukjende songar vi skal framføre. Med eit repertoar beståande av musikk frå svært folkekjære filmar, er naturlegvis forventningane høge hos publikum. Det gjer det ekstra spennande for oss å skulle gjere desse låtane. Denne musikken spelar så inderleg på kjensler, seier Nærø. Ho trur elles dette er ei utfordring dei saman skal klare å løyse. Ho går også langt i å antyde at folk vil bli overraska over kor avansert og gjennomført konseptet er.

Musikals hjelp frå fleire hald

Då filmmusikk gjerne vert spelt av store symfoniorkester, er det ikkje ved alle høve at eit lokal janitsjar-orkester kan fylle skoa heilt på eiga hand. Då er det godt å vite at ein ikkje treng å sjå lengre enn over kommunegrensa eller i eiga kommune for å finne hjelp.

– Vi hadde sikkert klar det fint sjølve, men med fleire instrument og musikarar klarer vi verkeleg å fylle låtane. Difor har vi for anledninga fått med oss god hjelp frå både Gursken brass, Herøy brass, Ørsta hornmusikk og Bergsøy skulekorps. Endre Petter Leine er også med på slagverk, forklarar Paulsen.

Ein annan vokalist som også er med på prosjektet er Øyvind Granden Berg.

– Han og Elise skal saman framføre «Beauty and the beast», ein duett vi gler oss til å vere med på, seier han.

– Og, når dirigentstokken også førast av Marianne K. Giske, er dette alt i alt oppskrifta på suksess, legg han til.

Mykje konsertar

Tidlegare prosjektkonsertar som Herøy Janitsjar har hatt i liknande kategori og omfang har samla mange folk, sjølv om ein har merka at førehandssalet har gått litt tråare dei siste åra.

– Heilt klart, det er mange kvalitetskonsertar å velje mellom her ute i havgapet, og vi forstår at det er ei prioritering. Vi vil likevel, naturleg nok, tilrå folk om å ta turen. Vi kan love dei god musikalsk underhaldning av kvalitet, avsluttar Rune Paulsen.