Han er ny regissør av Herøyspelet

I sitt 28. år får Kongens Ring ny regissør. Mannen som tek over for Gerald Pettersen er ein teaterregissør og sverdkampinstruktør opphavleg frå USA.
Kultur

Herøyspelet skriv følgjande i ei pressemelding:
Måndag kveld fekk styret og komitéleiarane i Herøyspelet Kongens Ring møte den nye regissøren. Det er Jeff Pedersen, opphavleg frå USA, busett i Stongfjorden i Sogn og Fjordane. Der bur han saman med Idun Losnegård. Ho er dotter til manusforfattar Rolf Losnegård.

- Eg har høyrt om Kongens Ring i tjue år, ler Pedersen, og no får eg altså sjansen til å vere regissør.

Det er ikkje det første utandørsspelet han skal prege. Han har vore regissør både for Kinnaspelet, Håkonarspelet og Dragseidspelet. Og no legg han også Herøyspelet til CV-en.

Ein snøkledd spelplass gir eit anna bilde enn slik scena er når den er staden for sommarens vakraste eventyr, men Pedersen har ikkje noko vanskar med å sjå moglegheitene, og manuset er alt gjennomdrøfta med svigerfar og manusforfattar Losnegård.

- Eg er så imponert over scena. Både fordi her er så vakkert, men også fordi eg aldri har opplevd eit sceneområdet som er så tilrettelagt for dei som er med som her. Dette er teikn på eit spel som har kontroll.


Takkar for seg etter 27 år

Gerald Pettersen gir seg etter å ha vore regissør for Herøyspelet "Kongens Ring" i 27 år. Dermed må spelet på regissør-jakt for alle første gong i historia.

 

Heilt unikt

Jeff Pedersen gler seg til å sette sitt preg på forteljinga om Unn, Ingolf og Karl, konge og hird, herøyfolk og herjungar.

- Her er ein generasjonskonflikt som eg ikkje har sett i noko anna spel. Det er heilt unikt, og den skal vi jobbe med. Kven eig framtida? Det er eit spennande tema som eg vil ta med inn i spelet.

Noko anna han tek med inn i spelet er kona Idun Losnegård. Ho spelte Kjerring Bråte for nokre år sidan, og styret i Kongens Ring gler seg over å få ønske henne velkomen tilbake.

Nytt liv

Etter møtet med Jeff Pedersen seier styreleiar Linn Therese Sævik at ho er spent og optimistisk før årets spel.

- Dette blir heilt nytt for oss. Det er klart at det blir annleis, men vi trur også at det vil skape nytt liv og ny energi både i spelet og i apparatet rundt. Vi gler oss.