– Vi skal møte 8.-klassingane og gjere vårt beste for at dei føler seg velkomne på ungdomsskulen. Som 10.-klassingar bør vi vise at dei kan stole på oss.

Brage Baade Hasund (14) og Elvira Dalsøren (14) står saman om utsegna. Begge går på Stokksund ungdomsskule og jobbar med frivillig MOT-arbeid når fleire spente elevar no byrjar på ungdomsskulen. Sjølv er dei to tiandeklassingane opptekne av å vere gode forbilde.

– Ungdomsskule er kjekt og det skal vi bevise for dei, forklarar Brage.

– Eg ønskjer å bli kjend med ungdommen og seie at dei kan føle seg trygge på meg, seier Elvira.

foto
Flinke: Selma Eide-Storøy og Angelica Johansen Sande var stødige MOT-arbeidarar på øving. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Vil avkrefte mytar og rykte

Førre veke var dei saman med fleire andre MOT-arbeidarar på opplæring på Herøy fritidsklubb, der dei øvde på eit bli kjent-opplegg som organisasjonen gjennomfører på fleire norske skular denne veka.

– Opplegget går ut på at vi pratar med ungdomane om det å byrje på ungdomsskulen. Dei får dele kva dei gler seg til og eventuelt gruar seg til med skulestart, forklarar Brage.

– Det er nyttig å finne ut om der er eventuelle mytar eller rykte som gjer at folk gruar seg. Då kan vi avkrefte dei slik at folk slepp å vere unødvendig nervøse, forklarar Elvira.

foto
Øving: Her ser vi ungdomane øve seg på korleis ein skal handtere spørsmål frå spente skuleelevar. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Hei-kampanje

Opplegget går inn i Hei-kampanjen som MOT-Noreg gjennomfører. Denne arrangerer dei den fyrste skuleveka kvart år. Ho har som mål å sette eit eksempel på god kultur, der ein lærar å sjå kvarandre, seie hei og smile til andre.

– Det er ikkje berre eit ord. Eit «hei» kan bety så mykje meir enn folk trur. For nokon som har det tøft er det ekstra viktig å få eit hei, så ein kan føle seg inkludert, fortel dei to MOT-arbeidarane.