Måndag 25.mai fekk Kanutte Kopperstad og Viola Andersson overrekt ein takkediplom frå Gunnar Hamnøy, som eit synleg bevis på den gode innsatsen frå elevane ved HVS.

Til saman fekk elevane ved Herøy vgs inn kr.62.554 til NSP Aid sitt prosjekt Malaika Villages i Kenya.

Det er 6 vidaregåande skular på Sunnmøre som er med på dette opplegget; Herøy vgs, Haram, Ålesund, Borgund, Spjelkavik og Ulstein.

Malaika Villages er eit barnelandsby-prosjekt til fattige barn og unge i Kenya, og den første opna sør for Mombasa 29. februar i år. Den neste skal byggast utanfor Nairobi, så snart situasjonen i landet vert opna opp att, og så snart corona-krisa betrar seg.

Elevane ved Herøy vgs og dei andre involverte skulane satsar på å ta del i same prosjekt også skuleåret 2020 & 2021.