Ventetida var endeleg over for fleire spente UKM-arar laurdag 20. november. Då var det nemleg klart for UKM Møre og Romsdal sin fylkesfestival. Årets Ungdommens kulturmønstring-arrangementet gjekk føre seg i Ørsta.
Dansarar, kunstnarar, artistar og meir frå alle kommunane på Søre Sunnmøre utanom Ulstein var til stades for å lage kulturfest for publikum og kvarandre.
Herøy og Sande sine deltakarar representerte kommunane sine på ein flott måte, melder kulturskuleleiar i Sande, Susann Worren Hauge og seksjonsleiar for barn og unge i Herøy, Mona Grethe Ryssevik.
– Deltakarane fekk jobbe med mentorar og fekk gode tips før sceneframsyninga. Arrangørane fekk ansvar og oppgåver i høve til gjennomføringa av mønstringa, og kunstnarane laga til ei utstilling av kunsten sin, seier Worren Hauge.
– Viktigaste av alt; deltakarane vart også kjende med mange kjekke folk ifrå heile regionen, legg ho til.