Tre innslag er valt ut til å representere Herøy. Fyrst ut er pianisten Frode Andre Johansen (18). På framifrå vis framførte han ein japansk melodi, «Flower Dance», av DJ Okawari under lokalmønstringa på laurdag.

Dei neste som får reise til Kristiansund er Emilia Moen Karlsen (16) og Frida Leonora Storøy (16). Dei er valt ut etter å ha imponert med ein eigen-koreografert dans til songen "Waves" av Dean Lewis.

foto
Emilia Moen Karlsen (16) og Frida Leonora Storøy (16) hadde koreografert ein dans til songen Waves av Dean Lewis. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Den siste som får ta følgje til fylkes-UKM er Frida Eiksund (18). Ho framførte ein vakker og kjensleladd verson av songen «Creep».

foto
Frida Eiksund (18) deltok for fyrste gang på UKM med sangen «Creep». Foto: Bjørnar Torvholm Sævik