Den 2. oktober reiste vi til Kenya med velgjerdsorganisasjonen NSP-aid. Der skulle vi få sjå Malaika-prosjektet med eigne auge – eit prosjekt som skulen og elevane har vore med å samla inn pengar til. Vi fekk oppleve mykje forskjellig på denne turen, blant anna å besøke ein av Afrikas største slummar og barneheimar som NSP-aid har vore med å støtte. Opplevingane har sett djupe spor og vi er takknemlege for at vi har fått vore med og sett.

NSP-aid er ein organisasjon som har mange ulike prosjekt som går ut på å hjelpe hovudsakleg barn som ikkje har pengar eller familie å gå til. Eit av prosjekta dei har er Malaika Villages. Malaika Villages er ein slags «barneheim» der barn som ikkje har nokon plass å bu kan få ein trygg heim. Kvart hus har plass til åtte barn saman med ei mor.

Vi var heldige og fekk reise på heimebesøk til ei av dei familiane som bur i slummen. Der fekk vi sitte i det tronge rommet, med den harde sofaen og høyre på historiene dei bar på. Vi følgde ei jente heim til huset hennar, der vi fekk høyre om hennar og familien si historie.

Foto: Privat

Dei sterke inntrykka starta allereie då vi fekk sjå skulevegen hennar. Vi fekk fortalt at når det regna, kom ikkje ho seg til skulen, på grunn av at det var so mykje forureining at vatne var farleg. Vegane var gjørmete og fulle i søppel. Jenta hadde ein hudsjukdom, som gjorde slik at ho hadde utslett og eksem over heile kroppen, noko som var ubehageleg for henne. Kvar månad måtte ho til sjukehuset for å få medisin, dersom ho ikkje fekk den, blei utsletta til store sår.

Foto: Privat

Faren i huset hadde vore i ei trafikkulykke, som gjorde at han ikkje kunne arbeide med henda lenger. Han følte seg hjelpelaus og synst det var vanskeleg å måtte sitte heime heile dagen, utan å kunne tene pengar til familien. I slummen er ein avhengig av å kunne utføre «casual work», som inneber at ein finn seg arbeid dag for dag. Arbeidet i slummen er gjerne veldig fysisk, og dette hadde ikkje familiefaren lenger moglegheit til å gjere. No hang heile ansvaret på mora, som måtte finne nok arbeid til å kunne forsørgje alle behova i familien.

Medan vi var på besøk hos familien, kom yngstesonen inn og sette seg saman med oss. Han presenterte seg sjølv og handhelsa på oss alle. Vi fekk fortalt frå medlem av organisasjonen at guten hadde blitt kasta ut frå skulen fordi familien ikkje lenger hadde økonomi til å ha han der. Dei to andre barna i familien var allereie fadderbarn, og under heimebesøket blei også yngstesonen fadderbarn. Det betyr at han får begynne på same skule som søstera og broren.

Skuledagane i Kenya er ganske lange, ein skuledag varer til saman 12 timar. I løpet av desse timane får dei servert opp til tre måltid, som gjer at det blir ein økonomisk lette for familien. I det vi reiste frå heimebesøket, takka familien oss for alt, og vi innsåg korleis berre 300 kr i månaden for oss, kan gi framtidshåp og moglegheiter for eit menneskeliv.

Foto: Privat