– Er du feminist?

Forfattar Nina Borge si røyst strøymer ut frå høgtalarane i klasserommet til niandeklassingane ved Stokksund barne- og ungdomsskule. Ansiktet hennar fyller det meste av smarttavla framfor elevane.

Spørsmålet Borge les opp er retta til henne sjølv, sendt inn av ei gruppe i klassa som nett no sit og ventar på svar. Og svar får dei.

– Ja, eg er feminist. Eg tenkjer at alle burde vere feministar, for det handlar om at alle skal ha like moglegheiter og rettigheiter i samfunnet vårt, uavhengig av om du er gut eller jente, kva for legning du har eller kva du trur på. Eg har vore feminist heilt sidan eg var like gammal som de er no, fortel Borge.

Ho har fått fleire interessante spørsmål frå klassa, men dette om feminisme – som ho svarar på først – er litt ekstra viktig fordi svaret heng saman med grunnen til at ho skreiv «Utbryterne». Boka er – skal det vise seg – favoritten blant mange av elevane i klassa, og tek 1.-plassen på Stokksund-elevane si rangering av kandidatar til Uprisen.

Skal til Lillehammer

Niandeklassa på Stokksund er éi av sju i landet som er med på å kåre «Årets ungdomsbok». Førstkomande tysdag reiser dei til Norsk litteraturfestival i Lillehammer for å debattere i ein storjury beståande av elevar frå seks andre niandeklassar i landet. To utvalde representantar frå kvar klasse skal argumentere for kva tre bøker deira klasse meiner er best.

foto
Røysting: Elevane har rangert dei fem bøkene på kvar sin lapp og leverer dei til litteraturkritikar Janne Karin Støylen under hennar tredje og siste besøk hos klassa i samband med Uprisen 2021.

Fekk besøk av litteraturkritikar

Elevane starta med å lese dei fem nominerte bøkene i februar, og har brukt mykje tid på å diskutere og vurdere litteraturen, som i år består utelukkande av romanar. Til å hjelpe seg undervegs, har dei mellom anna hatt tre besøk av litteraturkritikar Janne Karin Støylen. Imellom besøka har elevane skrive tekstar – vurderingar – som dei har sendt inn til henne.

– Eg har fått eit inntrykk av kven elevane er som lesarar, og eigentleg også som personar – og no skulle eg ønske vi fekk jobbe meir i lag, seier Støylen.

Ho er imponert over kor godt mange av elevane skriv og kor innsiktsfullt dei argumenterer for meiningane sine. Ho passar på å påpeike det ovanfor elevane medan Vestlandsnytt sit i klasserommet:

– Her er mykje talent i denne klassa. Eg håper de vil publisere bokmeldingane dykkar (på uprisen.no, red. mrk). Då skal eg dele dei!

foto
Las høgt: Astri Celine Berge vart spurd om å lese bokmeldinga si av romanen «Arvingen», som ho gav terningkast 5. Mange likte boka som, totalt sett, vart rangert som nummer to på lista.

Rangeringa

Det er, under dette siste besøket av litteraturkritikaren, at elevane skal rangere dei fem bøkene dei har lese. Etter ei anonym røysting, er lista klar (favoritt først):

1. Utbryterne (Nina Borge)

2. Arvingen, 1 bok i serien «Halve kongeriket» (Anne Gunn Halvorsen og Randi Fuglehaug)

3. Alene gjennom (Michael Stilson)

4. Hør her’a (Gulraiz Sharif)

5. Alexander den store (Peter F. Strassegger)

foto
Lærar: Kontaktlærar Amalie Torvanger Lied syntest det var interessant å oppdage at boka ho sjølv «elska», nemleg «Aleksander den store», ikkje fall i smak hos målgruppa.

Ein interessant observasjon

Boka «Aleksander den store», som elevane likte dårlegast, er nyleg nominert til Nordisk Råd sin pris for barne- og ungdomslitteratur.

– Denne boka er trekt fram som ei veldig god bok, og det er ho, men tydelegvis ikkje for målgruppa. Ho handlar om ein litt introvert karakter som strever med å uttrykke seg og tyr til vald, og det står fram nok som noko uforståeleg for dei unge lesarane. Det er mogleg dei ikkje heilt forstår kompleksiteten, seier Støylen og held fram:

– Å faktisk klare å kommunisere med lesaren du skriv for er ei føresetnad for å skrive ei god ungdomsbok. Det er ikkje så godt for oss vaksne å vurdere om ei ungdomsbok fungerer eller ikkje.

Mot slutten av skuletimen, trekker ho fram ei av bokmeldingane om «Aleksander den store», Marcela P. Moltu si, som eit glimrande døme på korleis det skal gjerast. Meldinga funn du under. Der finn du også tre andre meldingar skrivne av elevar i 9. klasse på Stokksund skule.