– Det var fole kjekt og gav ei god kjensle. Dette er mi ungdomskjelde.

Det seier Mona Grethe Ryssevik, driftsansvarleg for Fritidsklubben i Herøy. Fredag kveld var ho med på noko ho har lengta lenge etter, både som MOTivator og entusiast for ungdomsaktivitetar i kommunen. Då inviterte nemleg Fritidsklubben inn til klassefest for 8.-klassingar på Stokksund skule. Ungdomsrådet stilte med pizza, kake og saft. MOT stod for aktivitetar.

– Ungdomen fekk sosialisere seg og såg ut til å ha det veldig kjekt. Vi delte ut premiar til tilfeldige gjester, sponsa av fagforbundet i Herøy, Fosnavåg kino og Sunnmørsbadet, forklarar Ryssevik og seier at dei gleder seg til å halde fram med klassefestane.

foto
Klassefest: Fredagane framover blir det fleire klassefestar for ungdomsskuleelevane. Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

– Skjedd for lite

– Det har skjedd alt for lite for ungdomen i Herøy det siste året og det vil vi prøve å gjere noko med framover. Derfor inviterer vi til klassefestar for ungdomsskuleklasser i Herøy, forklarar Mona.

Denne veka er det 8.-klassingane i Ytre Herøy som får invitasjon.

– Vi startar med 8.-klassingane då vi føler dei fortener det aller mest. Dei starta på ein «annleis» ungdomsskule enn kva andre har vore vane med. For dei har det ikkje vore like lett å byggje klassemiljø og relasjonar på ungdomsskulen, då både kohortar og smittevern har lagt føringar for kva ein kan gjere og ikkje, forklarar Ryssevik.

Etter at 8.-klassingane har vore i aksjon blir det 9.-klassingane som får eigne festar.

foto
Pizza, kake og Saft: For å gjere ekstra stas på ungdomen, spanderte ungdomsrådet pizza, kake og saft på dei frammøtte. Foto: Carl-Henrik Myrseth Moltumyr

Grense på 125 personar

Sjølv om ein inviterer til klassefestar som tek utgangspunkt i skulestilhøyrsle, kan Ryssevik informere om at alle 8.-klassingar i kommunen i utgangspunktet er velkomne. I samråd med smittevernoverlegen har dei fått løyve til å invitere 125. Stokksund- og Møre-åttandeklassingar er med andre ord velkomne også denne fredagen om dei skulle ønskje det, forklarar ho.

– Etter vi har hatt klassefestar blir klubben open som normalt for ungdomsskuleelevar frå Herøy. Vanlegvis er det 13–19 år, no blir det derimot 13–16 år, avsluttar Ryssevik.