Om deltakaren i årets UKM i Herøy var nervøse under årets kulturmønstring er vanskeleg å seie, for dei sat i mørket blant publikumet i Fosnavåg konserthus då arrangementet gjekk av stabelen. Kvart einaste innslag var nemleg enten spela inn i konserthuset i forkant eller sendt inn. Dermed fekk vi kanskje servert "Herøy-UKM"-tidenes reinaste tonar i songane, ekstra mykje kjensle i danserørslene og heilt "ektefølte" skodespelprestasjonar. Vi fekk endåtil sjå og høyre ein eigenkomponert data-produsert låt som elles er å finne på YouTube og Spotify!

Programleiarane Maria Isabell Espeseth Sævik (17) og Sivert Sporstøl Leine (14) leia oss gjennom innslaga frå "livestudioet" på konserthuset og var såleis dei einaste bidragsytarane som gjorde noko på direkten. Det gjorde dei med glans!

Under kan du sjå nokre få bildeglimt frå konserthuset (med det er sjølvsagt mykje betre om du ser sendinga i reprise sjølv!)

foto
Programleiarane: Maria Isabell Espeseth Sævik (17) og Sivert Sporstøl Leine (14) . Foto: Josefine Spiro
foto
Flkemusikkgruppa Fint Folk. Foto: Josefine Spiro
foto
Desse jentene framførte ein sjølvkoreografert dans. Foto: Josefine Spiro
foto
Daniel Huldal har komponert og produsert låen "Mountain King" med visse komponentar frå den kjende "Dovregubbens hall". Huldal laga også videoar til musikken sin som han publiserer på YouTube. Han er også på Spotify. Foto: Josefine Spiro
foto
Unge dansarar: Desse to framførte ein sjølvkoreografert dans. Foto: Josefine Spiro
foto
Lauritz Helde Remøy: 13-åringen har halde på med musikk i ni år, altså meseparten av livet. Han framførte songen "Fix You" av Coldplay.