- Det er ikkje alltid så enkelt å få innpass i arbeidslivet for ungdomar, og det vil vi prøve å få gjort noko med. Vi synest det er kjekt at så mange har lyst til å prøve seg her hos oss. Vi fekk uvanleg mange søknadar i år, så vi har ei lang venteliste, skiv Kjerstin Sande i Sandefisk AS i ei pressemelding.

For nokre er det ei bratt læringskurve, med krav om oppmøte i tide, korreksjon i høve til effektivitet, språkbruk, fart eller initiativ.

- Det er artig å sjå kor dei utviklar seg i løpet av tida dei er her, og vi synest dei er reint krydder i ein elles travel kvardag, seier Sande, og påpeiker at kjappe hender elles er kjærkomen arbeidskraft i ei travel tid.

foto
SANDEFISK: Frå venstre : Gunnar Jonsson Rafteseth Grimstad, Christian Kibsgaard Steffenssen, Gustav Sande og Oddbjørn Sande Hansen. Jay Vonheim var ikkje tilstades då bileta vart tekne, men har også vore i full sving denne sommaren.

- Tøffingar

I år er det heile 17 stykke i sving hos Sandefisk. Blide, kjekke og flinke ungdomar ifrå Sandsøya, Voksa, Kvamsøy, Fosnavåg, Ålesund, som bedrifta gjerne tek imot ved fleire høve.

- Nokre kan synast at vi er strenge, og at vi masar mykje og dei blir litt leide innimellom. Men dei lærer seg også at det å ta imot konstruktive tilbakemeldingar og gjere ting betre, er ein del av det å verte vaksne, og dei forstår også at vi meiner det berre godt, seier Sande før ho avsluttar.

- Vi synest det er kjekt å oppleve at fleire satsar på yrkesfagleg utdanning. Er det noko vi manglar i Norge, så er det ungdomar som vil og torer å ta sjansen på praktisk og fysisk krevjande arbeid. Desse er nokre tøffingar, som tåler å bli skitne på nevane.