Føresette og FAU på Bergsøy skule er lei av å vente på nytt skulebygg og kjem med eit rop om hjelp:
– For våre barn er løpet køyrt allereie, men vi tenker aller mest på dei som har barn som skal byrje i skulen
Bodskapen frå Borga-elevane sine foreldre er klokkeklar. Ny skule må på plass snarast, og all informasjon må på bordet i samband med noverande skulebygg. – Om ein lakkerer ein rusten bil, er han framleis rusten, seier FAU-leiaren.