Tema

tirsdag 14.09 2021

Kvalsvik tordnar: – Er det slik vi vil drive politikk?

I lys av at kaisaka på Mjølstadneset er sett opp igjen på sakskartet til Herøy kommunestyre, i eit ekstraordinært møte onsdag, meiner varaordførar Bjarne Kvalsvik det er på tide å stille eit prinsipielt spørsmål om Herøy-politikken.

søndag 12.09 2021

Fritt ord:

11 forleda kommunestyrerepresentantar i Herøy?

- Er møtet i kommunestyret lovleg innkalla?

Høgre- og Frp-toppar i Herøy ber kommuneleiinga om å avklare om det ekstraordinære møtet i kommunestyret onsdag 15. september er tillyst på lovleg vis.

lørdag 12.06 2021

Rask levering av ny legeplan hausta skryt frå formannskapet i Herøy:

– Skikkeleg god innsats

Herøy har fått utarbeidd ein heilt ny legeplan, og det på rekordtid. Bortsett ei enkel formulering hadde ikkje politikarane mykje å utsette på arbeidet.

onsdag 02.06 2021

Herøy-skulane scorar bra på fleire plan, men treng meir ressursar for å hjelpe dei som slit:

Vil ha meir tverrfagleg kompetanse i skulen

Tilstandsrapporten for herøyskulen skapte mykje diskusjon i kommunestyret torsdag. Sentralt for fleire stod eit tydleg ønskje om styrka arbeid og tidlegare innsats inn mot stadig fleire barn og unge som slit psykisk.

fredag 28.05 2021

Taktskifte i saka om ny Bergsøy skule i Herøy kommunestyre:

Samrøystes for å gå vidare med tidlegare planar

Samanlikna med formannskapsmøtet førre veke var tonen under torsdagens kommunestyre mykje meir harmonisk i saka om ny Bergsøy skule. Politikarane gjekk samrøystes inn for å gå vidare med tidlegare vedtatt byggeprogram, samt at sak blir tatt opp i budsjetthandsaminga.

tirsdag 27.04 2021

Legevaktavtale på saklista for kommunestyret i Herøy trass utsetting: - Fornuftig

søndag 21.03 2021

Etterlyste grundigare utgreiing om psykososialt kriseteam

Politikarane i Herøy formannskap var langt på veg nøgde med den reviderte beredskapsplanen i Herøy, men hadde likevel nokre punkt dei ønskjer klarleik rundt.

søndag 24.01 2021

Tilsette ved Herøy sjukeheim tek bladet frå munnen: - Skam dokke!

Før jul stod det å lese at det er vedteke å pålegge oss arbeidstakarar innanfor helse og omsorg i turnus tredelt ferieavvikling.

onsdag 20.01 2021

Tidlegare høyring under neste budsjettprosess

Kommunedirektør Trond Arne Aglen signaliserer at ein ved neste budsjettprosess i Herøy vil få høyringsinnspela inn tidlegare for å sørge for ei god politisk handsaming.

lørdag 12.12 2020

Posisjonen sitt budsjettforslag vedtatt med nokre tilleggspunkt frå FRP:

- Vi skal ha ei ny skuleløysing på Bergsøy

Etter ein god debatt i kommunestyret gjekk fleirtalet, ikkje uventa, inn for posisjonen sitt budsjettframlegg. Opposisjonspartia måtte nøye seg med kritiske spørsmål og nokre ekstra kulepunkt inn i budsjettet.

mandag 07.12 2020

Føresette og FAU på Bergsøy skule er lei av å vente på nytt skulebygg og kjem med eit rop om hjelp:

– For våre barn er løpet køyrt allereie, men vi tenker aller mest på dei som har barn som skal byrje i skulen

Bodskapen frå Borga-elevane sine foreldre er klokkeklar. Ny skule må på plass snarast, og all informasjon må på bordet i samband med noverande skulebygg. – Om ein lakkerer ein rusten bil, er han framleis rusten, seier FAU-leiaren.

lørdag 24.10 2020

Ber seg friteken frå Herøy-politikken

Kommunestyremøtet 29. oktober blir Kjell Runde sin siste framferd i Herøy- politikken.

søndag 04.10 2020

Har framleis ikkje gjennomført tomtekjøp

– Kjøper ein ikkje tomta forstår eg ikkje kva kommunen held på med. Då held ein folk for narr.

lørdag 03.10 2020

To verksemder får skjenke ute til 02.30

Christineborg Gjesthus får lik skjenketid inne og ute. Det same får Kami Skotholmen.

fredag 02.10 2020

Kritisk til forslag om å fjerne fagdagar

Ap-politikar Camilla Kvalsvik Aksnes slo eit slag for fagdagane då kommunestyret diskuterte den økonomiske stoda i Herøy kommune.

mandag 28.09 2020

Mykje er positivt i Ungdata-rapporten, men enkelte ting bekymrar politikarane:

Berre 56 % av jentene på 10. trinn er nøgde med lokalmiljøet

Ungdata-undersøkinga for 2020 viser at dei fleste ungdomane i Herøy er godt fornøgde med livet sitt. Likevel er det ikkje alle resultata som er heilt som ein skulle ønske, noko kommunestyret uttrykte si bekymring for.

lørdag 26.09 2020

Ville ikkje ta stilling til lovlegkontrollen

Fleire av Herøy-politikarane var svært lite interesserte i å behandle ein lovlegkontroll av hamnevedtaket. Også kommunedirektøren meinte at det ville vere fornuftig å bruke tida annleis.

torsdag 24.09 2020

Kommunestyret har gjort nytt vedtak om Fosnavåg hamn

Kommunestyret samla seg om fellesframlegg om korleis framtida til Fosnavåg hamn-prosjektet ser ut.

onsdag 23.09 2020

Kommunedirektør Trond Arne Aglen før lovlegkontrollen:

– Hamnevedtaket var lovleg

Kommunedirektøren meiner saksopplysningane var gode nok til å fatte eit lovleg vedtak under den første handsaminga av hamnesaka. Heller ikkje møteleiinga var i strid med lovverket, konkluderer han.

fredag 18.09 2020

Hamnesaka: Vil vurdere alternative deponiløysingar – kan bli flytta frå Fosnavåg

Kommunedirektøren seier nei til det planlagde prosjektet på indre hamn, men stiller seg samstundes positiv om ein kan finne ei alternativ deponiløysing som gir same gevinst, men til ein lågare kostnad og risiko.

søndag 06.09 2020

Aleksander Tarberg (KrF) er spørjande til om Herøy kommune følger sjølvkostprinsippet

– Har desidert høgst gebyr på avlaup

Sjølvkost på vatn og avlaup blir prioritert først når Herøy kommune skal gjennomføre ein forvaltningsrevisjon.

onsdag 02.09 2020

Bjørn Martin Aasen:

Opprørt og skuffa over eige parti

tirsdag 01.09 2020

Fosnavaag Pelagic om Fosnavåg hamn:

- Uriktigheter om Fosnavåg hamn

- At ordfører fremstiller Fosnavaag Pelagic AS som syndebukken for at utdypning av havna ikke blir gjennomført faller på sin egen urimelighet, skriv dagleg leiar Roar Aasen.

Kvifor ville Herøy Arbeiderparti satse på vidareutvikling av Fosnavåg fiskerihamn?

Jau, fordi Fosnavåg Pelagic og Fosnot ville satse, investere og vidareutvikle seg i hamna.

mandag 31.08 2020

– Dette var ikkje ei båtlengd føre

Søre Sunnmøre Fiskarlag seier seg svært skuffa etter kommunestyrevedtaket om å skrinlegge Fosnavåg hamn-prosjektet.

lørdag 29.08 2020

Vil ikkje ha Sandebukta fiskerihamn om ein må betale

Herøy kommunestyre seier ja til overtaking av Sandebukta fiskerihamn vederlagsfritt, men å betale for hamna er heilt uaktuelt.

onsdag 19.08 2020

Fosnavåg hamn-kostnaden kan bli på over 200 millionar kroner

Vil ha næringslivet med på spleiselag

Vilja til å gjennomføre hamneutdjupinga på indre hamn er der framleis, men formannskapet fryktar dei mange risikosidene ved prosjektet. Eit bidrag frå næringslivet kan bli heilt avgjerande for utfallet av saka.

torsdag 13.08 2020

Overraska og skuffa over negativ tilråding til kafé- og galleriplanar på Mjølstaneset

– Dette er vår moglegheit til å gi eit bidrag til vårt lokalsamfunn, og til kommunen si satsing på turisme.

– Dersom nokon ønskjer å investere i ei slik satsing, er det forunderleg at ikkje politikarane og andre, i desse tider, støtter og applauderer alle som tek initiativ til ny nærings- verksemd.

søndag 28.06 2020

Vil ha bussen om sjukeheimen og kulturhuset

Ein ny ruteendringsprosess er på trappene. Herøy har relativt klare ønske.

Fokus på lokale innkjøp

Ordførar Bjørn Prytz (Ap) vil ha lokal innkjøpsstrategi på sakskartet i løpet av hausten.

lørdag 27.06 2020

Kommunestyret vedtok tilstelling av Allmenningskaia, men:

Arbeidet var allereie utført

Kommunestyret i Herøy fekk førre veke ei relativt underleg sak på bordet.

fredag 26.06 2020

Fleirtalet sa ja til å ta i mot barnefamilie frå Moria

Herøy kommune kan ta i mot barnefamilie på inntil sju frå Moria-leiren om det skulle vere behov.

torsdag 25.06 2020

Ny oppdatering om Fosnavåg hamn

Det vil vere mogleg å redusere setningstida til under eitt år.

onsdag 24.06 2020

Alkoholplanen til ungdomsrådet først etter vedtak

Reaksjonar på manglande involvering av ungdomane før skjenketid-vedtak.

tirsdag 23.06 2020

Vedtok oppstart av UFO:

– Skal vere eit lågterskeltilbod

Ungdomsfritidsordninga UFO startar opp ved Herøy kulturhus i september. Kommunestyret vil inkludere ungdomane i utforminga.

Kommunestyret låser dei nye blokkene på Kleivaneset til kote 2,7:

– Alle skal ha utsikt

Alt er tilrettelagt for vidare utbygging på Kleivaneset etter torsdagens vedtak i kommunestyret. Men det blir gjort grep for å unngå at eksisterande bebuarar mistar all utsikt.

mandag 22.06 2020

50.000 kr til marknadsføring av hurtigbåtruta

Herøy kommune vil legge til rette og marknadsføre den nye hurtigbåtruta mellom Ålesund og Stad om Fosnavåg blir valt som stoppestad.

fredag 19.06 2020

Alternativ valt for Nerlandsøybrua

Ei endeleg bruløysing er no valt for Nerlandsøybrua.

onsdag 17.06 2020

Høgre og Frp i Herøy med klar hurtigbåtoppmoding til lokale krefter:

– No må vi dekke kaldtbordet

No som ålesundsfirmaet Cruise Service får drifte ei hurtigbåtrute mellom Stad og Ålesund, med anløp til både Fosnavåg og Sandshamn, meiner Herøy-politikarane i Høgre og Frp at det er essensielt at ein no byr fram sitt beste.

Stokksund må vente på UFO?

UFO opnar ved Herøy kulturhus i september. I Stokksund må ein derimot vente ei stund.

Set fokus på arbeidsmiljøet

Bør arbeidsmiljøet i Herøy kommune vere tema i kommunestyret?

tirsdag 16.06 2020

Fleire etterlyser svar frå Herøy kommune

Både Tine Storøy og Kjell Runde spurde om kommunen sin evne til å svare på førespurnader.

mandag 15.06 2020

Positive til å busette barnefamilie frå Morialeiren

Herøy kommune har kapasitet til å ta i mot barnefamilie på inntil sju personar.

lørdag 13.06 2020

Må finne svar på fire viktige spørsmål om Fosnavåg hamn

Herøy formannskap har ikkje lyst til å leggje vekk utdjupingsprosjektet på Fosnavåg hamn. Men det byrjar å haste om ein skal finne alternative løysingar for å få prosjektet realisert.

lørdag 06.06 2020

Herøy kommunestyre førebudde på å snu alle steinar for å unngå kjempesmell:

KrF ville sjå på skulestrukturen

Fleire av dei folkevalde i Herøy innser no at krava dei har stilt til helse og omsorgssektoren er for tøffe. No startar jobben med å finne løysinga som gjer at ein unngår det varsla meirforbruket på over 20 millionar kroner.

fredag 05.06 2020

Samrøystes inn for nytt utval i Herøy: Dette blir deira oppgåve

Eit eige utval får i oppgåve å finne løysingane som sikrar meir effektiv helse og omsorgsdrift i Herøy.

tirsdag 02.06 2020

Kaja Runde tok kraftig oppgjer med kulturen i Herøy kommune:

– Har sjølv vore vitne til ein som vart grovt trakassert

– Er det verkeleg slik at Herøy kommune bruker kommuneadvokaten for å verne seg mot ein privatperson som står fram som vitne til mobbing?

lørdag 30.05 2020

To millionar kroner til asfaltering

Fleirtalet i Herøy kommunestyre har bestemt at det skal brukast to millionar kroner på opprusting av kommunale vegar i år.

fredag 29.05 2020

Årsplanen vart utsett igjen – Sceneparken levde farleg

Nattleg kommunestyremøte i Herøy

– Eg trur ikkje denne saka får den behandlinga ho fortener. Det er seint, klokka er midnatt. For meg verkar det som viktige avgjerder er i ferd med å gleppe. Det blir ikkje tatt dei rette vala.

torsdag 28.05 2020

Utvidar brennevinsskjenkinga i Herøy

Herøy kommunestyre har bestemt seg for å opne for brennevinsskjenking til klokka 02.00. Øl og vin-skjenkinga vil vere open til klokka 02.30. Tidene gjeld heile veka.

torsdag 21.05 2020

Herøy kommune fryktar økonomisk storsmell:

– No brenn det. Vi må sjå på alt!

Formannskapspolitikarane verka nesten tekne av alvoret då økonomien kom opp på tysdagens møte. Helse og omsorg-sektoren åleine styrer mot eit overforbruk på 20 mill.

onsdag 20.05 2020

Formannskapet gjekk for fast skjenkestopp

Skjenkestadane i Herøy får utvida skjenketid på kvardagane, men i helgane blir skjenketida kortare.

tirsdag 05.05 2020

Årsplanen vart utsett endå ein gong – administrasjonen fekk sterk kritikk for å gløyme råda

Den manglande involveringa av dei ulike råda førte til ny utsetting.

søndag 03.05 2020

Sterke meiningar om nasjonal flyktningpolitikk i kommunestyret

Herøy kommunestyre sender inn resolusjon til Stortinget, med bodskap om å evakuere Moria-borna no. Men fleire av politikarane var svært skeptiske til ei slik handling.

Legg Myrvåg-strategi bak stengde dører

Presse og publikum får ikkje lenger følgje debatten om strategisk grunnkjøp i Myrvåg.

lørdag 02.05 2020

Samrøystes nei til Ulstein-samarbeid:

– Vi treng strategiar for samarbeid

Det blir ikkje interkommunalt samarbeid mellom Herøy og Ulstein om landmåling og GIS-tenester.

torsdag 30.04 2020

Ber ordførar Prytz svare om framdrifta i viktige prosjekt:

Høgre vil ha handling

Herøy Høgre er utolmodige, og saknar informasjon. Dei forventar no at ordførar Bjørn Prytz orienterer om mellom anna Borga under torsdagens kommunestyremøte.

tirsdag 28.04 2020

Økonomileiar Olsen måtte svare:

Fryktar ny helse og omsorg-smell i Herøy

Herøy formannskap er bekymra for den økonomiske utviklinga i kommunen, og då spesielt i helse og omsorgssektoren. No vil dei ha månadlege økonomirapportar.

fredag 03.04 2020

Ny utsetjing for saka om rådhustilbygget:

– Det er snakk om ein betydeleg kostnadssprekk

Herøy kommunestyre klarte heller ikkje denne gongen å ta ei avgjerd i saka om det planlagte tilbygget til rådhuset.

torsdag 02.04 2020

Rådmannen ser rådhustilbygget som ei moglegheit til å kutte leigekostnadar:

– Vil vere naturleg at eigedomsavdelinga flyttar inn

Rådmann Olaus-Jon Kopperstad skisserer løysing der administasjonsdelen av eigedomsavdelinga, og moglegens nyskapingsparken, flyttar inn i rådhustilbygget. – Men det er po­li­ti­ka­ra­ne sjølve som må be­stem­me kor­leis ein skal nyt­te til­byg­get, seier han.

onsdag 01.04 2020

– Skal vi bruke over 34 millionar på å bygge eit praktbygg til administrasjonen?

Frank Roy Moltu meiner saka om det planlagde tilbygget til rådhuset i Herøy ikkje kan avgjerast før dei folkevalde har diskutert saka ordentleg.

lørdag 21.03 2020

Vil vidareføre skjenketidene

Utval for næring, kultur og idrett i Herøy vil behalde gjeldande skjenketider.

fredag 20.03 2020

Må fjerne lovstridig krav i retningslinene for sosialhjelp

Herøy kommune må endre retningslinene for utmåling av sosialhjelp.

onsdag 18.03 2020

Vil ha rundkøyring med fire armar i Igesundvegen

Herøy formannskap var ikkje eingong i tvil om kva som er den beste løysinga for nye krysset i Igesundvegen. Løysinga betyr samstundes at ein legg opp til riving av to hus.

fredag 13.03 2020

Kjempesmell for helse og omsorg, men likevel solid Herøy-overskot

2019-rekneskapen for Herøy kommune viser eit småpent sluttresultat, og det trass i at helse- og omsorgssektoren brukte meir enn 15 millionar kroner over budsjett.

lørdag 07.03 2020

– Skal vi løne folk for å reise ut til Herøy kvar dag for å gå i møte?

Herøy kommunestyre vil gjerne ha samarbeid om landmåling og GIS, men ikkje alle meiner det er ein god ide å seie ja til ein avtale med Ulstein kommune.

fredag 06.03 2020

– Perfekt anledning til å prioritere Leine-Voldsund

Aleksander Zahl Tarberg slo fleire slag for utbetring av Leine – Voldsund i kommunestyret.

torsdag 05.03 2020

Kommunestyret ventar til april med prosjektprioriteringane:

Vil prioritere servicetorget

Fleirtalet i Herøy kommunestyre fann det for vanskeleg å setje opp ei prioriteringsliste for 2020 på sparket på det siste kommunestyremøtet. Til det var det for mange usikre faktorar.