– Vi har to gongar tidlegare møtt 2017-kullet til fotballøkter gjennom vårt arrangement Berg-Hansen Rosarussetreff, og vi håper at mange av dei vil ta turen for å spele meir fotball. No gler vi oss til oppstart og håpar å sjå mange engasjerte born denne ettermiddagen.

Vi legg opp til mykje ballberøring og spel i våre 3ar bane med veggar så dette passer bra også for dei som aldri har prøvd å spele fotball, seier Magnus Myklebust som saman med Konstanse Torgersen Nærø er ansvarlig for arrangementet. De blir lagt opp til eit lite infomøte for foresatte medan borna spelar fotball. Dette for å planlegge for vidare fotballaktivitet utover året.

Etter treningsøkta vil borna som deltek få giveaways fra Bergsøy IL Fotball sin generalsponsor Sparebanken Møre. Gå inn på Bergsøy IL Fotball si heimeside for meir informasjon om arrangementet.

Vel møtt!