Laurdag var Warholm tilbake på friidrettsbana med 49,34 og siger i kvalifiseringsheatet etter ein 41 dagar lang pause frå konkurransar etter strekkskaden.

Frå bane fem i det tredje og siste semifinaleheatet natt til måndag norsk tid kontrollerte Warholm inn til 48,00 utan å vere i nærleiken av å ta ut sitt beste. Warholm roa kraftig ned på oppløpssida.

Rai Benjamin frå USA og Alison dos Santos frå Brasil er venta å bli Warholms største utfordrarar i finalen.

Benjamin vann den første semifinalen på 48,46, medan dos Santos tok sigeren i det andre med 47,85.

Heller ikkje Benjamin og dos Santos sprang med foten for fullt på gasspedalen.

Alison dos Santos har årsbeste i verda med 46,80. Den vart sett under Diamond League-stemnet i Stockholm.(©NPK)