Bergsøy feila mot Hareid: – Det kan ikkje skje igjen
Sjeldan har vel eit lag vore større favoritt enn det Bergsøy var i kveldens heimekamp mot Hareid, men gjestane var nådelause i ein førsteomgang der Bergsøy-forsvaret leverte til strykkarakter. Takka vere ein brukbar andreomgang berga Bergsøy likevel det eine poenget.
1 / 9Stian Langlo Driveklepp
Trenaren spelte sjølv 90 minutt. Han var med å styre angrepsspelet, men lykkast ikkje heilt i sesongopninga, som blei ein litt frustrerande kamp for Bergsøy.