Mange av dei beste biljardspelarane i landet var førre helg samla til Grand Prix i Hyllestad, ei turnering på øvste nivå i Noreg. Frå Herøy biljardklubb deltok Matias Sætre og Robin, Victoria og Henrik Hauge Pettersen. Det vart ei vellukka turnering for HBK-spelarane der både Matias og Robin hamna på pallen.

I fyrste kamp hadde både Matias og Robin kvar sin overlegen 7–1 siger mot to Hyllestad-spelarar. Matias mot Jarle Tonning Hatløy og Robin mot Gjermund Flage.

I neste runde møtte Matias Bernt Olav Lundetræ frå Os og Robin møtte Noregs nummer ein -Mats Schjetne frå Trondheim. Matias klinka til med nok ein 7–1 siger, medan Robin måtte sjå seg slått 4–7 av Schjetne. Matias var dermed klar for kvartfinale, men Robin måtte fyrst gjennom ein kamp til. Der slo han ein annan trønder, Steinar Moe, med stillinga 7–1. Då var også Robin klar for kvartfinale.

Her trekte dei igjen kvar sin Hyllestad-spelar, Matias møtte Eirik Tonning Hatløy og Robin møtte Gard Eiken Flage. Medan Matias hadde god kontroll på Eirik og vann 7-4, var det litt meir spaning på det andre bordet. Robin tok fort leiinga 3-0, men Gard ville ikkje gi frå seg semifinalebilletten så lett og tok leiinga 4–3. Her vart det mykje taktisk spel fram og tilbake.

Plutseleg var Gard i leiinga og hadde berre eit parti igjen før han kunne gjere seg klar til semifinalen. Robin ville det ikkje slik. Etter ein rask time out, kom han på bordet og snudde kampen frå å ligge under 4–6 til å vinne 7–6. Etter eit par nervepirrande timar kunne altså både Robin og Matias gjere seg klar til semifinale, denne gongen mot kvarandre. Det enda med 7-2-siger til Robin.

Det var duka for finale og ein revansjesugen Robin møtte nok ein gong Mats Schjetne. Robin tok fort leiinga i kampen og leia på eit tidspunkt 5–3. Mats kom tilbake og tok leiinga 5-6, men Robin ville ikkje gi seg heilt enno. Han kjempa til seg det siste partiet og stillinga vart 6–6.

Berre eitt parti igjen av kampen som skulle avgjere kven som vart Grand Prix-meister. Etter at Robin spelte ut 7 kuler og det låg att berre 3 kuler på bordet begynte dei med safespeling som kan ta knekken på alle nervøse tilskodarar. Det enda dessverre med eit 6–7 tap for Robin, men han kan ikkje anna enn å vere fornøgd med godt spel gjennom heile helga. Herøy biljardklubb gratulerer Robin med 2.-plass og Matias med 3.-plass!

Vi ynskjer også Jonas lukke til på EM og Eurotour i Finland og Robin på UK Junior Open i London neste veke!

Ref. Herøy biljardklubb