Vestlandsnytt

Har du ein video eller eit bilde du skal sende til Vestlandsnytt? Då kan du bruke denne lenkja.

«Månadens beste lesarvideo»

Bli med i videokonkurransen «Månadens beste lesarvideo» ved å sende inn video her. Premien er 1 kg smågodt og ein termokopp frå SøreTV. Temaet for april er NYTT LIV.

SøreTV

Vi vil gjerne sjå spanande, morosame eller kjekke videoar - av både dyr, folk og natur. Har du eit videoklipp du vil sende inn til SøreTV, utan å ha det med i konkurransen? Då kan du sende inn via denne lenkja.

Problem med innsending? Send e-post til lisa.bendal@vikebladet.no. SøreTV tek seg retten til å korte ned videoane.

SøreTV er i gong med produksjon av ny serie, og er no på jakt etter potensielle deltakarar som ønskjer å vise fram heimen sin. Kjenner du nokon som har ein flott bustad eller som legg mykje sjel og tid i heimen sin? Vi er på jakt etter forskjellige bustader på Søre Sunnmøre; alt frå små koselege hus med gammal stil, til store nye hus med meir moderne stil.

Send tips på e-post til videojournalist Lisa Bendal: lisa.bendal@vikebladet.no.

SøreTV er ei nysatsing frå tre av dei lokale mediehusa på Søre Sunnmøre: Vestlandsnytt, Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten. Har du idéar til videoprosjekt eller har lyst til å dele ein video du har filma, ta kontakt med videojournalisten på lisa.bendal@vikebladet.no.