Prosjektet deira har vekt oppsikt. Mellom anna fekk dei Statens Vegvesen til å bli svar skuldig på eit informasjons- og dialogmøte på rådhuset. Elevane fekk fin omtale i Vestlandsnytt, dei har kome i andre media og fylgde opp med misjonerande reise til kommuneleiinga både i Vanylven og Sande.

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Sande-ordføraren kunne fortelje herøyelevane at dei har så lite pengar at dei likevel ikkje slår graset langs vegkantane!

Endra landbruk, og gjengroing, er litt av årsaka til at biene er i ferd med å bli utrydda. Kort sagt er biene det avgjerande mellomleddet som gjer at blømande plantar kan formere seg.

Sabima, ein miljøorganisasjon som arbeider for å stanse tapet av naturmangfald, opplyser at ein tredjedel av biene i Noreg er truga. 66 av dei 205 artane villbier er raudlista. Held utviklinga fram, får det dramatiske konsekvensar for (verdas) matproduksjon.

Nær 30 prosent av maten vi et, er direkte eller indirekte avhengig av bestøvinga som biene gjer. EU-kommisjonen reknar med at 87,5 prosent av planteartane i Europa er avhengige av insektbestøving. For å setje det i eit anna perspektiv: Biene sin innsats har blitt rekna til 1.300 milliardar kroner kvart år.

Tap av levestadar, hovudsakleg kulturlandskap, vert i fylgje Sabima rekna for å vere hovudårsak til villbie-kollapsen.

I USA har dei i tillegg fått eit anna problem, «Colony Collapse Disorder» (CCD). Det handlar om tamme honningbier som forsvinn frå bikuber. Her har det vore ei dramatisk utvikling.

Takk til sjuandeklassingane ved Bergsøy skule. De har sett igang ei skikkeleg runde med vaksenopplæring.