Dette seier kvalsvikaren Ole-Andreas Skår. Vi møtte 22-åringen på Fosnavåg Brygge denne veka. Vestlandsnytt har tidlegare skrive om Skår då han har valt å satse på sporten som blir berre større og større, dataspel.
– Ja, til sjuande og sist er e-sport dataspel, men ein må ikkje tru at dette er ein latmanns-sport, forklarar Skår.
Som eit eksempel på dette trekker Skår fram elevar frå Nord-møre folkehøgskule. Han har nemleg det siste året vore faglærar på den nye e-sportslinja som er etablert der.
Fysisk aktivitet og lagspel
– Det er lett å tru at vi på ei slik linje spelar berre dataspel, og ja naturlegvis blir det mykje speling, men vi har også høgt fokus på andre ting. Vi lærer elevane at fysisk trening er ein viktig del.
Ole-Andreas fortel at dei tek elevane med ut på fysiske treningsøkter fleire gongar i veka.
– I denne sporten handlar det ofte om å respondere på eit halvsekund eller mindre. Då må kroppen vere i tipp topp stand.
Han forklarar at også lagspel og kommunikasjon står sentralt i opplæringa for elevane.
– I mange sportsgreiner kjem kanskje kommunikasjon meir naturleg enn i e-sport, men det betyr ikkje at det ikkje er viktig. Tvert imot. Vi brukar timevis på å jobbe med korleis vi skal kommunisere godt saman som eit lag, for det er ein lagsport vi driv med, forklarar Skår.
Nyleg noregsmeistrar
I tillegg til å vere lærar i e-sport er også Ole-Andreas Skår eigar og klubbleiar for ein av Noregs beste lag i sporten, nDurance. Klubben utgjer for tida to lag der det eine laget spelar dataspelet «League of Legends» og det andre spelar «Rainbow Six Siege». I tillegg har laget Noregs beste FIFA-spelar og ein 17-åring som er i Europatoppen av Super Smash Bros. Melee
Om det framleis er nokon tvil om klubben til Skår sparkar godt frå seg, er det berre å sjå på dei siste prestasjonane til laget.
– Det siste som er verdt å nemne er at laget vart noregsmeistrar i spelet «League of Legends» då vi danka ut Riddle i Telenorligaen, seier ein stolt klubbleiar.
Døropnar
Med kvar slik siger nDurance får opnar det nye dører for laget. Nyleg har dei fått innpass i eksklusive turneringar med høvesvis høge pengepremiar. I løpet av dei neste vekene deltek laget i tre forskjellige konkurransar, der dei også kan kome til å møte noko av dei beste laga i Europa.
– Eg trur ærleg talt vi kan klare å hevde oss i divisjonen under det som i fotballen ville vore synonymt med Champions League, fortel Skår.
Vil gjerne satse lokalt
Men skal Skår og nDurance klare å satse for fullt, krev det eit sterkare miljø kring e-sport.
– Om eg fekk moglegheita til å satse fullt på laget, hadde eg sloppe alt anna og gjort det.
Han fortel at han har eit stort ynskje om at e-sporten blir likestilt og kan få like mykje organisasjon som andre sportsgreiner. Skår fortel også at han har utruleg lyst til å satse lokalt.
– Om vi kan skape eit miljø som gjer det mogleg å drifte laget vårt i Herøy og på Sunnmøre, so vil eg gjerne satse her. Eg trur det ville skapt ein flott identitet for laget.
Skår nyttar derfor høvet til å rekke ut ei hand til kven som helst som kunne tenke seg å vere med på å skape eit miljø der e-sporten kan blomstre. Han oppmodar interesserte til å ta kontakt med han.
– Berre det å møtast i fellesskap og sjå e-sport kampar i lag er døme på faktorar som kan løfte fram e-sport, avsluttar han.