Detaljandelsbedriftene på Søre Sunnmøre omsette for 4.121 millionar kroner i fjor, eller 118 millionar kroner meir enn året før. Det viser tal vi har henta ut frå Statistisk sentralbyrå sin omsetningsstatistikk for varehandelen i 2017.
Motorvogntenester er ikkje med i desse tala.
Volda auka mest
Ifylgje statistikken var det Volda som hadde den største auken i fjor med heile 60 millionar kroner meir enn året før. Ulstein og Sande var dei einaste kommunane som fekk ein nedgang i detaljhandelsomsetninga frå 2016 til 2017.
Meir enn halvparten av Volda sin auke kom innanfor detaljhandel utanom utsalsstad som utgjorde 187 millionar kroner i Volda i fjor.
Totalomsetninga på 4.121 millionar kroner fordelte seg slik på dei sju kommunane i 2017 (i mill. kroner): Ørsta 1.010 (+ 35), Volda 925 mill. kroner (+ 60), Ulstein 911.978 (- 8), Herøy 727 (+28), Hareid 234 (+5), Vanylven 232 (+ 13) og Sande 78 (-4).
Ser ein på omsetningstala for butikkhandel med breitt vareutval, som hovudsakleg er nærings- og nytingsmidlar, om- sette Ørsta-butikkane for 426 mill. kroner i fjor, etterfølgd av Volda 392, Ulstein 333, Herøy 332, Hareid 150, Vanylven 110 og Sande 78 mill. kroner.
Ulstein størst på kle
Når det gjeld kle er det derimot Ulstein som toppar, trass i ein betydeleg nedgang frå året før. I fjor selde Ulstein-butikkane kle for 68 millionar kroner, eller vel 11 mill. kroner meir enn Ørsta-butikkane. Her kom Herøy som ein god nummer tre med 30 mill. kroner, medan Volda står med 18 mill. kroner i klesomsetning.
Ørsta størst på bil
Motorvognhandelen i Ørsta kom opp i 355 millionar kroner i fjor, medrekna reparasjonar og sal av utstyr. Tilsvarande for Volda var 132 millionar kroner, medan motorvognhandelen i Ulstein landa på i underkant av 120 millionar. I dei andre kommunane var omsetninga på motorvogntenester slik: Herøy 48 mill., Hareid 41 mill., Sande 37 mill. og Vanylven 12 mill.kroner.
Når det gjeld den bransjevise omsettinga opererer SSB med eit minstetal aktørar i ein kommune for å tå ut med tal.