På siste møtet i Sande kommunestyre var dagleg leiar Jostein Korsnes til stades og orienterte om status for sambandet. Sande kommune eig 46 prosent av aksjane i Safast.
Det skjedde eit par veker etter Safast si generalforsamling, der det var stort oppmøte frå mange utolmodige øybuarar.
1,8 milliard i manko?
Vi tek dei dårlege nyheitene først. Med den modellen fylkeskommunen no nyttar har dei faktisk rekna ut at Safast kjem i milliardminus. Nærare bestemt 1,8 milliard kroner.
– Vi jobbar framleis for at Safast skal vere sjølvfinansierande, at prosjektet ikkje skal verke negativt på fylkeskommunen sin økonomi, sa Korsnes til dei folkevalde.
Underskotet på ferja er utan tvil berebjelken i finansieringa av Safast, gjennom såkalla ferjeavløysingsmidlar. Dette inneber kort sagt at midlane frå ferjedrift i staden kan nyttast til finansiering av fast vegsamband, i dette tilfellet undersjøiske tunnelar mellom Kvamsøya, Voksa og Åram.
Kjempedyr ferjedrift
– Ferjeunderskotet er i dag 23 mill. kr, i fylgje samferdselsutvalsleiar Kristin Sørheim. Underskotet vil auke til 40 millionar kroner årleg med dei nye miljøferjene som skal kome frå 2022, sa Jostein Korsnes.
Dessutan seier signala no at nye ferjekaier kan prissettast til 100 millionar kroner, på grunn av nye krav til ferjene. Dermed må det – utruleg nok – 400 mill. kr til inn i «ferjedrifta» på Larsnes-sambandet.
– 40 år med ferjeavløysingsmidlar gir 920 millionar kroner med dagens kostnader, eller 1,6 milliardar med dei nye kostnadene frå 2022. Dette burde finansiere Safast, sa ein optimistisk Jostein Korsnes.
– Ein må vere økonom for å få dette til å bli 1,8 milliard kroner i manko, kommenterte Korsnes vidare.
Dyrt tunnelvedlikehald
Det er også eit anna «men» i reknestykket»: Kostnadene med rehabilitering og vedlikehald av tunnelar har fått eit anslag på 4 millionar kroner per kilometer, per år! I Sande kommunestyre var det fleire som stilte seg undrande til om dette er reelle kostnader, eller berre resultatet av «tenk på eit tal».
– Eg trur vi må vere det sambandet nye modellen slår dårlegast ut for. At vi skal vere langt frå sjølvfinansierande verkar ulogisk, sukka Korsnes.
To ferjer på fjorden?
Han la til at Kristin Sørheim, som nyleg tok del i Safast si generalforsamling, hadde teke til orde for at det bør kome to ferjer på dette sambandet.
– Det er ingen ny tanke. Det kan då til dømes vere ei rute som trafikkerer Larsnes-Kvamsøy, og ei som går Larsnes-Åram-Voksa, sa Korsnes.
Også Einar Ekroll (V) meinte ein bør jobbe iherdig for å få to ferjer i Larsnes-sambandet. Frå salen var det også fleire som på same møtet streka under viktigheita av at det må vere to ferjer som sjølvsagt begge går utover til øyane, der behovet er stort (to timars frekvens i dag, red. mrk.).
Ein hyggeleg bieffekt av det er sjølvsagt også at det kan påreknast meir avløysingsmidlar til Safast.
Ordførar Dag Vaagen (H), som også er styremedlem i Safast, sa seg samd med Korsnes i at dei siste reknestykka kring sambandet verkar urimelege. Vaagen meinte sambandet framleis kan rekne seg for å vere sjølvfinansierande, når ein får sjå litt nærare på tala.
– Summen på 1,8 milliard i minus verkar dyster, kommenterte Olav Myklebust (Sp). Han meinte og at «cluet» må vere å synleggjere ei sjølvfinansiering.