Slik er konklusjonen etter at konsulent Einar Bergsli frå selskapet Asplan Viak orienterte kommunestyret om alternativa for nordre del av kommunen.

«Kan Sæssvatnet vere framtidig vasskjelde?». Det var Bergsli sitt utgangspunkt etter at medlemer i formannskapet ville ha vurdert om det vesle vatnet ovanfor Holtane framleis kan vere vasskjelde.

– Uansett er det viktig å få ei løysing i påvente av ei eventuell utbygging mot Sandvikvatnet, sa Bergsli. Han minna om dei store utfordringane kommunen har hatt med behandlingsanlegget på Holtane i Gursken.

– Vi er i nær og god dialog med Mattilsynet, men vi må ha eit vedtak i 2018 på korleis den første etappen skal gjennomførast, sa Bergsli. Han har utført konsulenttenester for Sande kommune i fleire tiår og har inngåande kjennskap til korleis kommunen driv innan vassbehandling og -levering.

To dårlege alternativ?

Av skissene til Bergsli kom det fram at Sæssvatnet berre så vidt kan levere til Gursken og Gjerdsvika med dagens vassforbruk i dei to krinsane. I tillegg talar heller ikkje kvaliteten til Sæssvatnet sin fordel, med svært høge bakterietal. Verdiane på bakteriar er langt lågare for Sædalsvatnet (ovanfor Gjerdsvika) sin del.

– Høge fargetal er ei utfordring for begge desse vatna, påpeika Bergsli.

Det som er utfordringa knytt til Sædalsvatnet er at det er regulert, og at Tussa må stengje nokre dagar med jamne mellomrom, for vedlikehald. Men det skal gå an å finne reserveløysingar, kanskje også med å hente vatn frå Gjerdsvikelva.

Må bestemme seg

Bergsli bad kommunen om snarast å finne ei løysing, slik Mattilsynet gjentekne gongar har påpeika.

I debatten var det fleire som meir enn antyda at løysinga på sikt bør vere at også Gursken og Gjerdsvika blir forsynt frå Sandvikvatnet i Sandvikdalen i Åram krins, slik resten av kommunen er.

Men når det gjeld første etappe ligg det an til etablering av reinseanlegg i Gjerdsvika og utfasing av Holtane. Kommunestyret skal gjere det endelege vegvalet på første møte etter ferien.