Nemnda for vilt, fiske og friluft i Herøy har merka seg at det enda ikkje er kome opp skilt om bandtvang, slik nemnda kom med oppmoding om for over eit år sidan. Her blei det oppmoda om slik skilting ved Heid turløype, og tilsvarande ved lysløypa på Leikong og turstiane på Runde. Oppmodinga blei difor teken opp igjen på nemnda sitt siste møte.
Nyhende →