Ute er det fint og vårleg vêr. Folk flest har vinterferie og kosar seg på skitur, dreg torsken eller har andre ferieaktivitetar. Men inne på kulturhuset sit ein gjeng musikarar og songarar og øver. 10. mars er det nemleg konsert på Fosnavåg Konserthus, og masse detaljar skal på plass innan den tid.

Den avgjerande øvingsdagen

Spennande tonar frå ikkje mindre spennande filmar kling i det velbrukte lokalet. Dette er den avgjerande heile øvingsdagen der alle er med, – vokalistar og band saman med det store orkesteret – under vennleg og bestemt instruksjon av dirigent Jette Hougaard Holstad. James Bond er på repertoaret, med musikk frå 20 filmar som strekkjer seg frå 1962 til ut på 2000-talet. Denne musikken er veldig stemningsskapande og gir indre bilete av den velkledde superagenten med rett til å drepe, eit intenst forhold til dødsfarlege kvinner og superraske bilar, og ein eigen evne til alltid å kome ned på beina.

Sætre, Bjerkvik og Hauge er med

Det er ingen tvil om at også musikarane vil kome ned på beina, for dette er ein rutinert gjeng! Herøy Janitsjar har lang øving i å sette opp store konsertshow, mange vil hugse fjorårets suksess med Elton John. Og vokalistane Trygve Sætre, Arnhild Bjerkvik og Brigitta Hauge er kjende frå ei rad suksessforestillingar på konserthuset og kulturhuset og ikkje minst Feel It-oppsetjingane på Larsnes. No gir dei jernet i låtar som Goldfinger, Nobody does it better og Thunderball, fullt på nivå med artistane som presenterte låtane i filmane: Shirley Bassey, Carly Simon og Tom Jones. Det vert fortalt at Tom Jones svima av etter å ha halde siste tonen i Thunderball i ei æve, det same skjedde nesten med Shirley Bassey i hennar versjon av Goldfinger. I fylgje Wikipedia måtte ho bak scena for å ta av BH-en for å klare siste tonen. Vi veit ikkje om det verkar, men det høyrdest nesten slik ut i filmen! Og Carly Simon fekk sin beste låt i karrieren med den besnærande songen frå filmen «Spionen som elska meg» med Roger Moore.

Eit rom i musikkens teneste

Herøy Janitsjar har sine faste måndagsøvingar her i festsalen på kulturhuset, og er glad for å kunne ha lageret sitt vegg i vegg. Vi fekk sjå innom det travle rommet der den gode arkivar Rolf Huldal har skanna alle notar inn på maskinen og kan printe ut stemmer etter som det trengst. Her står det både instrument og anna nødvendig utstyr, og kvar kvadratcentimeter av det vesle rommet er utnytta i musikkens teneste. Rune Paulsen som spelar førstetrompet i janitsjaren viser oss rundt «bak kulissene». Han understrekar betydninga av gode øvingsrom og lagerplass for korpsa i kommunen og rosar lagånda og ståpåviljen til musikarkollegaene.

Utfordrande musikk

James Bond har alltid vakt oppsikt, og det gjeld også musikken. Hornist Marita Voldnes kan betru oss at sjølv om låtane ikkje høyrest så vanskelege ut, så er arrangementa ganske utfordrande. Vi lar oss derfor imponere over kva lokale amatørar kan få til. I det vi forlèt øvingslokalet, der musikarane enno har mange timar att av søndagens øving, er vår påstand at du vil kunne stadfeste dette når du sit i det gode setet i Fosnavåg Konserthus og lar deg rive med. Som gamle Leif «Smoke Rings» Anderson sa det: Vi hörs!