Eg hadde ikkje trudd vi skulle vere her så lenge, seier dagleg leiar Reidun Frøystad Støylen ved Frisørloftet i Fosnavåg.

Heile 40 år er gått sidan ho opna sin eigen salong, «Reidun’s Salong» i kjellaren til den private bustaden «Helgaro» – huset til «jordmor Helga». Ho var ikkje meir enn 21 år gammal.

– Eg starta heilt åleine. Det var både spennande og nifst. Men det gjekk ikkje meir enn 14 dagar før eg fekk inn ein lærling, seier Reidun.

Sidan har det kome og gått mange tilsette. I ein periode på åtte år, dreiv endåtil Reidun i lag med ein annan frisør, June Pettersen.

– Eg har hatt mange gode medarbeidarar, nokre i mange år, og masse lærlingar opp gjennom, seier Reidun.

Byrjinga

Året er 1978. Reidun har vore lærling hos frisør Moritz Frantsen i tre år, og ho kunne kanskje ha heldt fram der, men no skal frisør Solveig Leine, som er Reidun sin ektemann si tante, snart gi seg.

– Ho spurde om eg ville ta over, og der var eit skrikande behov for fleire frisørar i Fosnavåg, seier Reidun.

Den unge kvinna tek sjansen. Slutten av 70-talet og 80-talet er glanstid for frisørane. Herøyværingane har fått betre råd enn før og bruker gjerne pengar på håret sitt.

– Eg hugsar vi jobba som nokre galningar for å få folk ferdige til dei skulle inn til Loen på julebord. Dei kom til frisøren før kvar ein festleg tilstelling, minnest Reidun.

Den nye salongen har ikkje eiga telefonlinje, så Reidun får dele med svigerfaren sin.

– Eitt ring/støyt betydde at telefonen var til meg. Var det to, var den til han, seier Reidun.

Kjenner kundane

Vi vert avbrotne av fasttelefonen, som ringjer høgt og «kontoraktig». Reidun unnskyldar seg, går bort til disken og plukkar opp røret. Tonen i røysta hennar er jovial, som om ho snakkar med ein venn. Personen i den andre enden skal bestille frisørtime, men samtalen dreier seg om meir. Før Reidun legg på har ho både spurt vedkomande om korleis det går og gitt henne gode råd om korleis ho skal ta vare på håret sitt fram til neste gong ho kjem.

Reidun kjenner dei fleste kundane sine.

– Eg har kundar som eg har klipt frå dei var små, spesielt gutar, og der er dei som har kome hit heilt sidan eg starta opp og fram til dags dato. Barnebarnet mitt, Iselin, som jobbar hos oss litt innimellom, sa: «Veit du Besta, alle kundane dine er venninnene dine». Det er litt nifst, men når ein jobbar slik, vert det personlege forhold. Vi snakkar om gleder og sorger og alt som følgjer med i livet, seier Reidun.

Reiste for å lære

Med 70-talet kom Vidal Sassoon sine revolusjonerande bobbar og andre korte, glatte «London-frisyrar». 80- og 90-talet var elles permanentens tid.

– Vi var på kurs i Loen ein gong, og der såg alle ut som sauar, seier Reidun.

– Ja, det er heilt sant, ler Anne Merete Nerland, som har fylgt med på samtalen, medan ho utfører nokre arbeidsoppgåver i nærleiken. Anne Merete har jobba med Reidun sidan 1989, og er den som har vore tilsett lengst ved salongen. Såleis har ho vore med på dei mange opp- og nedturane gjennom åras løp, og ho har vore med på utviklinga.

Reidun fortel:

– Vi reiste mykje på tur for å lære. Eit brytningspunkt for meg var då vi var på klippeskule i London i 1984. Der var så mykje nytt at eg følte at eg oppdaga verda!

(Saka held fram under bildet)

Reidun og hennar tilsette reiste mykje ut for å lære. Mellom anna har ho vore fleire gongar til London. Her ser vi Reidun (bak) i London i 1988.

– I 1985 var eg på eit grunnkurs i Hårologi, som er eit konsept vi har utvikla meir og meir sidan, og som ingen andre i vårt område har. Det er eg stolt av. Mellom anna tek vi hårtestar for å finne ut kva for stand håret er i og kva det toler, og vi studerer hovudbotnen. Det er noko vi gjer gratis, seier Reidun, som, saman med Anne Merete, skal delta på nok eit kurs i Hårologi i Stockholm om halvannan veke.

Svenske Hårologi var, ifølgje Reidun, det første frisørmerket som hadde tilnærma det ein i dag kallar «grøn salong», med såkalla naturnære produkt.

– Det går ikkje an å kalle det økologisk, for alt som er 100 prosent økologisk mugnar. Men vi har «SigNATURE-serien», som har 95 % naturlege ingrediensar. Såleis kunne vi ha kalla oss «grøne» om det ikkje hadde vore for at vi også har nokre få fargeprodukt frå Wella, seier Reidun.

Hårfargar. Det starta med glansvask på 70-talet.

– Etter det kom fargane meir og meir. Vi deltek stadig på kurs for å fylgje med i tida. No om dagen går det til dømes mykje i pastell blant dei som likar bleika hår. Elles er der veldig mykje forskjellige raudtonar og lillatonar. Der har også vore ein del damer, spesielt unge, som går over til naturfarge, seier Reidun.

Når det gjeld frisyrar, er vi inne i ein periode utan ein særskild trend.

– Der er litt av kvart, seier Reidun, som uansett meiner at det er viktigare at kundane kler frisyrane sine enn at det er mote.

– Vi ser på ansiktsforma, og må ha tre forslag til kvar kunde om kva dei vil kle. Det er også viktig at håret får rette fargetonar i forhold til huda.

Feirar neste veke

Frå tysdag til laurdag neste veke vert det feiring på Frisørloftet.

– Då vert det mange gode tilbod og overraskingar til alle handlande kundar. Og så skal vi sjølvsagt ha noko godt – både salt og søtt – på bordet. Eg skal også kjøpe ein stor boks med klubbar til ungane, seier Reidun.

Ho gliser breitt.

– Det er ufatteleg at vi har vore her i 40 år.

Men det vert ikkje 50, konstaterer ho.

– Nei, eg håper at eg får selt, for konseptet er godt, og vi har ein flott plassering, men det får tida vise.

Reidun har fått nokre kommentarar frå kundane. «Du må no ikkje gi deg endå!», seier dei.

– Eg kjenner at eg er litt sliten, men eg elskar denne livsstilen. Det er så kjekt å vere i lag med folk og sjå kor forandra dei blir med ny frisyre. Spesielt viss eg får leggje makeup i tillegg. I love it! Nei, eg skal ikkje gi meg endå.