Nyleg sende Voksa-bonden ein omfattande klage på dei mange vilkåra som er sette på forvaltinga av grågås. Harøy meinte fleire av punkta er tungvinte og vanskelege å praktisere.
Miljøverndirektør Linda Aaram skriv i svaret at vilkår nummer seks i vedtaket vert oppheva. Det gjeld punktet som at grunneigarane skal bruke «andre skremmemetodar før det vert felt gjæser».
– Dermed vil ein lette gjennomføringa av skadefellingane, skriv Aaram.
Harøy har også nemnt i klagen at dei ikkje har løyve til bruk av laus hund i skremmeforsøka. Men Fylkesmannen strekar under at det i vedtaket ikkje er sett nokon avgrensingar til bruk av hund. Kommunen kan gje fritak frå reglane om bandtvang.
Men Fylkesmannen kan ikkje tolerere grågåsfelling når det er andre fugleartar i flokkane, eller når det vert påvist åkerrikse i enga. Åkerriksa er kritisk truga, minner Fylkesmannen om, og legg til at Sande er ein «hot spot» for åkerrikse i fylket vårt. Klagen vert dermed delvis teken til fylgje.