Slettebakk fekk kjenne på kroppen at det er ei fysisk og mental påkjenning å sykle 543 kilometer i strekk.

Det er også ein aldri så liten bragd. Den prestasjonen blir ikkje akkurat mindre når vi veit at Moltustranda-slitaren i praksis hadde motvind frå start til mål. 32-åringen fekk vinden i fleisen i det han sykla ut av Trondheim sentrum. Erik rakk ikkje å bli ordentleg varm i trøya og under sykkelhjelmen før han fekk føling med korleis den første sykkelturen mellom de to byane kom til å bli.

Det handla mykje om at han hadde mot og sidevind frå start til mål. Erik måtte jobbe hardt for å få framdrift. Det gjorde også det lokale innslaget som fekk bra fart på pedalane. Sluttida er ein indikasjon på at det har gått fort. Klokkene hadde gått i 18 timar og 18 minutt da han var ferdig med dei godt og vel 54 mila mellom dei to byane. Det er ein prestasjon det står respekt av.

Vanskelege vindforhold

Erik Slettebakk var mentalt førebudd på at det ville bli vanskelege vindforhold då han gjorde unna dei siste førebuingane og sette seg på sykkelsetet. For det var meldt motvind på det meste av turen. 32-åringen opplevde at det var tungt å få framdrift oppover Drivdalen og opp mot løypas høgste punkt på Hjerkinn. Verre skulle det bli ettersom det kom meir vind over Dovre-platået.

Der blåste det faktisk ni-ti sekundmeter. Slettebakk heldt likevel humøret og motivasjonen oppe. For han handla det først og fremst om å fullføre. Det var primærmålet då han la ut på sitt livs lengste sykkeltur. Det skulle vise seg at Slettebakk hadde små problem med det. Debutanten innrømma at han var inne på tanken om å bryte etter at han hadde passert Dombås.

Det hadde samanheng med at han på det tidspunktet var prega over at det var tungt opp mot Hjerkinn og over fjellet. Erik brende, i likskap med dei fleste andre syklistane, mykje krut på den strekninga.

Måtte sette seg delmål

Erik Slettebakk jobba seg ut av den negative spiralen og bestemte seg for å ta kilometer for kilometer. Det var ein strategi som førstegongsdeltakaren lukkast med. Det største spenningsmomentet før start var om han klarte å få i seg nok mat og drikke. Slettebakk visste at han var avhengig av eit jamleg næringsinntak for å ha nokon som helst moglegheit for å komme seg til Oslo. Det handla, som han sa, om at det er eit «must» å vere påpasseleg med den biten.

– Det var eit stykke ut i rittet at eg så for meg at eg kunne få trøbbel på den fronten. Det skulle vise seg at det vart meir utfordrande å få i seg nok mat og drikke då eg hadde vore i aksjon. Eg synest eg løyste det på ein grei måte, sa Slettebakk, som er av det sta slaget.

Det skal mykje til for at han bryt eller gir seg. Spesielt så lenge det handlar om eit mål han har jobba hardt for å nå.

Sykla med joggesko

Den store Styrkeprøven kjem så absolutt inn i den kategorien. Erik har det siste året hatt massemønstringa, som i år samla nesten 2000 syklistar frå eit tjuetals nasjonar, i tankane. Det har blitt mange mil og treningstimar på sykkelsetet. Det med tanke på at han skulle vere best mogleg førebudd. Erik har ikkje overlate noko til tilfeldigheitene i førebuingane.

På grunn av smerter i beina måtte han sykle nesten halve distansen i styrkeprøven med joggesko. Det gjekk greitt sjølv om det ikkje var optimalt. Erik trur han, med den erfaringa som vart opparbeidt i år, vil få ein billigare og mindre smertefull sykkeltur neste år om han bestemmer seg for å stille.

– Kva for planar har du på sykkelfronten dei neste vekene og månadene, Erik?

– Eg har ikkje lagt store planar, men eg har lyst til å arrangere eit motbakkeritt på Moltustranda, som skal skilje klinten frå kveiten. Resten tenkjer eg at eg tek litt på sparket, sa han som snart er klar for nye utfordringar.