Frå behandlinga i formannskapet NVE si høyring var det fleirtal 6–1 mot at Sande-fjella kan vere med på eit kart der vindkraft kan utnyttast. Det var heller ikkje venta at det skulle kome overraskingar i kommunestyret.

Til slutt enda det med solide 20–1 til fordel for formannskapet si fleirtalstilråding, som også var identisk med rådmannen sitt syn på saka.

Ulike tilnærmingar

Innleiingsvis forfekta Arnljot Muren Ap sitt syn på saka. Dei hadde ei litt anna nei-tilnærming enn kva rådmannen hadde. Mellom anna ville Ap sine til at kommuneplanen ikkje inneheld noko opning for vindturbinar på land. Det var her også synt til Miljøverndepartementet sitt endelege avslag til Haugshornet vindkraftverk for nokre år tilbake.

– Falsk miljøbølgje

Mathias Gjerde stod på barrikadane mot lokal vindkraftutbygging den gongen. Denne gongen er han endå meir imot, varsla han frå talarstolen:

– Vi har i dag endå meir kunnskap om måten å tileigne oss straum på. Vindkraftindustrien her til lands seglar på ei falsk miljøbølgje, sa Gjerde mellom anna.

Han meinte det ville medføre ei uboteleg rasering av lokalt landskap om vindkraft skulle realiserast på Gurskøya.

Flatøy argumenterte for

Bjørn Flatøy (Sande vest) meinte på den andre sida at vindkraft er miljøvenleg og fornybar energi. Han hadde vore på Smøla og «ikkje høyrt lyd frå turbinane».

– Smøla kan ikkje samanliknast med fjella på Sunnmøre, repliserte Gjerde.

Det vart ei replikkveksling der Flatøy til slutt vedgjekk at vindkraftutbygging ikkje er godt eigna i Sande.

– Nettopp, difor, Bjørn, må vi seie at det ikkje eignar seg her i Sande. Å setje opp turbinar på flatlandet er noko heilt anna, kommenterte Camilla Auflem Vik (Ap)

Marion F. Bringsvor (Frp) meinte Bjørn Flatøy ikkje er oppdatert på kor stor vindkraftmotstanden faktisk er, og synte her til at han «ikkje er på Facebook». Bringsvor heldt eit flammande innlegg mot vindkraft på land, og synte mellom anna til at det er store internasjonalt konsern som vil tene på slik utbygging. Ho sakna konsekvensanalysar og meinte vindkraftutbygging på land utelukkande gir negative konsekvensar.

– Ingen vil flytte hit om det kjem vindkraft, dette blir som å valse over folket, sa ho.

Flatøy var framleis frampå med argument for vindkraft, og meinte det er feil å framsnakke den forureinande turistnæringa. Så avbraut Marion F. Bringsvor innlegget, og meinte han hadde fått nok taletid. Men sidan det var eit innlegg, varsla ordføraren at Flatøy kunne halde fram.

Song frå Fjørtoft (!)

Det neste vi fekk servert frå talarstolen, var noko så sjeldan som eit innlegg delvis framført syngande. Det var Kåre Fjørtoft (Frp) som stod bak, med nokre verslinjer han hadde laga frå opphaldet i Trandal sist helg, der han sat og kosa seg og kika mot den urørte, sunnmørske fjellheimen.

– Dette kan føre til enorme, øydelagde areal, utan at vi veit om kommunen får inntekter, sa Fjørtoft etter songen.

Ordførar Dag Vaagen omtala eventuelle vindturbinar som mastodontar i landskapet. Han la mellom anna til at rammevilkåra i planen er uklare, og der vindkraftutbygging opererer under eit langt betre skatteregime enn kva vasskrafta gjer.

– Eg såg at presten i Herøy (Jens Terje Johnsen, Ap, red. mrk) ikkje ville forbanne vindkraft. Det vil heller ikkje eg, for prinsippet er bra. Men Norge har kanskje ikkje det landskapet som skal til, sa ordføraren.

20–1 for å be NVE om å skrote rammeplanen

Så vart det prøverøysting, der Ap hamna i mindretal med sitt alternative nei-framlegg. Flatøy sikra seg moralsk støtte frå Olav Myklebust (Sp) og fekk to ja-stemmer under prøverøystinga. Men før den endelege røystinga trekte Ap sitt framlegg. Deretter gjekk alle så nær som Flatøy inn for rådmannen si tilråding. Dermed vart uttalen frå kommunestyret slik:

«Sande kommunestyre ber om at NVE sitt arbeid med nasjonal rammeplan for vindkraft på land vert avslutta.

Subsidiært ber Sande kommunestyre om at området Sunnmøre og Nordfjord i NVE sitt framlegg vert teke ut av rammeplanen.»