I skrivande stund har Sommarfesten i Fosnavåg starta, med arrangement på løpande band i sentrum, kvar einaste dag. I Herøy vert Sommarfesten avløyst av den nye og spenstige Kulturveka, der kommunen spelar på lag både med frivillige og til dels også næringslivet, i det som er eit omfattande program med noko for ein kvar smak.

Parallelt med dette er det gjennomført, og vert planlagt, ei rekkje andre arrangement rundt omkring i bygdene. Sjå berre på Kvamsøya, der det sist helg var tre store hendingar; Sommarhelg, opning av den nye turvegen og gjennomføring av Kvamsøyløpa, som no har blitt ein tradisjon. Kjempesprekt av ei bygd med litt over 200 fastbuande.

I tillegg kjenner vi til at Sumarsamkome på Larsnes no vert sparka i gang, også det eit arrangement som har vore litt nedtona under pandemien. Eit stort lyft i landsbyen, og som fører både til auka trivsel, smil og glede. Og det treng vi saktens litt meir av no, etter at landet i praksis har vore nedstengt i meir enn to år.

På Runde, og i fleire andre bygder, er det også på gang større arrangement igjen, med spel og andre fantasifulle påfunn. I tillegg; masse spanande i dei fleste bygder. Jonsokmoro er det første som står for døra mange stadar. Vi nemner også Moltustranda Mosjonsfestival som nyleg var tilbake igjen for fullt. Bra for bygda, bra for regionen.

To lokale rosiner i «kulturpølsa» vert det også full fokus på i sommar. Før sommarferien står Herøyspelet for tur, og etter ferien er det Kong Arthur-spelet sin tur. Ein raud tråd også her er: Masse dugnadsarbeid og frivillige som står på til det beste for fellesskapen. Støtt opp om arrangementa. Dei som står bak, anten det er kulinarisk kino, konsertar, grautsal, sogespel eller anna, ønskjer seg besøk av deg!