Ifylgje Avisa Nordland må Hurtigruten ASA kansellere rundt ti seglingar i Antarktis som følgje av at Roald Amundsen ikkje vil bli levert frå Kleven før i 2019. Forseinkinga råkar opp imot 3000 passasjerar.

Hurtigrutesjef Daniel Skjeldam stadfestar i eit brev til dei reisande som blir råka at leveransen og innfasinga av verdas mest avanserte, moderne og miljøvenlege ekspedisjonsskip blir forseinka til 2019. Han beklagar situasjonen og lovar full refusjon, inkludert eventuelle kanselleringar av fly.

Ifylgje Kleven verft har bygginga av Roald Amundsen vore meir kompleks enn dei hadde forventa.