Via omvegar har det kome Vestlandsnytt for øyre at vegvesenet og fylkeskommunen skal gjennomføre eit arbeid på fylkesveg 61 over Leikongeidet natt til fredag.
Det inneber at trafikantane må bruke ein omveg.
Vegen vert i fylgje ei trafikkmelding som ligg ute på nett stengt mellom 00.00 (midnatt) og 06.00 fredag morgon.
Ein naturleg konsekvens av dette forholdet vert at dei nattekøyrande må innstille seg på ein tur på ytre Gurskøya natt til fredag, via Gjerdsvika og Moltustranda.