Den komande bygginga av brua vart klubba gjennom av eit samrøystes fylkesting måndag. Ein av brua sine store forkjemparar, Bjarne Kvalsvik, markerte det med å ta med seg flagg på talarstolen i fylkestinget.

– No får vi ei veldig god bru, og eg er veldig glad for at gang- og sykkelvegen har blitt trygg med rekkverk. I dag gler vi oss, sa Kvalsvik mellom anna.

Til saka høyrer også det faktum at brua etter alle solemerke kunne ha vore bygt rimelegare om ein i staden for den tradisjonelle byggemetoden hadde valt eit innovasjonsprosjekt, slik Anders Riise peika på i fylkestinget måndag. Løysingane til Prodtex er gryteklare.

Uansett korleis ein vrir og vender på saka er det i dag grunn til å gle seg over vedtaket, og så får ein heller ta lærdom av erfaringane i prosessen undervegs, slik også fleire i fylkestinget har sett ord på. Prosessen er det fullt og heilt fylkeskommunen som må ta ansvar for, medan det viktigaste for brukarane og innbyggarane er at det faktisk kjem ny bru. For det er på høg tid. Noverande bru ramlar snart saman, for å setje det på spissen.

Når vedtaket er i boks, må lokale pådrivarar snarast vende blikket frå Søre til Nordre Vaulen. Remøybrua er rapportert inn med nesten like presserande behov for utskifting.

Målet må vere at det ikkje tek 13 år (tida frå alarmen gjekk til Nerlandsøybrua vil stå ferdig i 2025) til det kjem ny bru til Remøya. Vi kan ikkje vente til langt utpå 2030-talet før ny bru står klar. Eit apropos: Prosjektet Dragsundbru må også haldast varmt. Utfordringane ligg bokstaveleg tala i vegen framfor oss.